Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Vi søkjer etter ein engasjert og omsorgsfull helsefagarbeidar

Helsefagarbeidar - 26 % fast helgestilling på natt

Vi søkjer etter ein engasjert og omsorgsfull helsefagarbeidar til ei 26 % fast nattevaktsstilling på helg. Stillinga er knytt til heimetenesta, der du vil jobbe i team med nattevaktslag inne på institusjon. 
Stillinga er ledig frå 23.06.2025.

Arbeidsstad
Heimetenesta Eikelandsosen 

Arbeidsoppgåver

  • Utøva forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
  • Sikre tryggleik og trivsel for heimebuande og bebuara gjennom natta
  • Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldaned rutinar i fagsystem
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
  • Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i nattevaktslaget
  • Opptre i tråd med kommunen sine verdiar

Kvalifikasjonar

  • Du har autorisasjon som helsefagarbeidar, eller anna relevant utdanning
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode evner til observasjon og dokumentasjon

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, pliktoppfyllande og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Omstillingsorientert og ser moglegheiter framfor begrensningar
  • Du er stolt over ditt fag og tek ansvar for eiga utvikling

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

25/18295

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg
Natt

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Helsefagarbeidar

Stillingstype:

Deltid
Fast
Helgestilling

Søknadsfrist:

19.05.2025

Tiltreding:

23.06.2025 / etter avtale

Arbeidsstad:

Heimetenester Eikelandsosen

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: