
Bli ein del av eit godt arbeidsmiljø av engasjerte fagpersonar!
100 % fast stilling som miljøterapeut
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune, noko som blir spegla i vår misjon: "Det gode livet for alle." Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige oppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarane og lokalsamfunnet. Du betyr noko – og det du gjer har ein verdi!
Eining for psykisk helse og rustenester søkjer etter ein engasjert og fagleg trygg medarbeidar i 100% fast stilling som miljøterapeut. Stillinga er i turnus med arbeid hver 4. helg langvakt (12,5 timer).
Arbeidsstad
Stillinga er knytt til avdeling Miljø & aktivitet, som vart etablert hausten 2024. Avdelinga er ei samordning av ambulerande tenester til menneske med utfordringar knytt til psykisk helse, rus eller andre livsvanskar – med mål om bidra til betre meistring av kvardagen.
Vi held til ved Vartun Oppfølgingsteneste i Industrivegen 8, men har og ansvar for oppfølging i Prestebustaden på Os, samt på Moberg og i Eikelandsosen. Primærmøtestad er i Os.
Avdelinga tilbyr ambulerande helsehjelp, oppfølging i eigen bustad og ulike tenester til menneske med samansette behov. Vi har fokus på å fremje livskvalitet, meistring og aktivitet i kvardagen.
«Livskvalitet» er vårt lågterskeltilbod kor brukar kan delta i arbeidstrening, aktivitet og gruppetilbod på dagtid. Mellom anna har vi eigen sykkelverkstad og kaffibrenneri, samt gatelag fotball og terapiriding.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at brukarane får tenester i tråd med lovverk og individuelle avtalar
- Miljøterapeutisk arbeid og praktiske oppgåver i brukarens kvardag
- Oppfølging og deltaking i daglege gjeremål og i ulike aktivitetar
- Primærkontaktarbeid, planarbeid og delta i ansvarsgrupper
- Fremje aktivitet og arbeidstrening
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskulenivå.
- Utdanning frå utlandet må vere NOKUT-godkjend
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helse- og/eller rusarbeid
- Førarkort klasse B
Vi ser etter deg som:
- Har evne til å koordinere og sjå heilskap i tenestene
- Tåler å stå i krysspress og handtere ulike behov
- Er fleksibel, løysingsorientert og ser utviklingsmoglegheiter i møte med brukarar
- Kommuniserer godt og byggar tillit og relasjonar
- Har gode verdiar, haldningar i møte med menneske
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og utviklingsorientert fagmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste som inneheld namn, alder, stilling og bustad- eller arbeidskommune. Det mogleg å be om unntak frå innsyn dersom en søker ber om det, men dette kan bli avslått i tråd med gjeldande regelverk. I slike tilfeller vil søkeren bli varsla.
Attester og vitnemål skal takast med til eventuelt intervju. Vi vil aldri be søkere om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/17014
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Sosionom
Vernepleiar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
02.05.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Industrivegen 8
Kontaktpersonar:
Avdelingsleiar Vartun Per Gunnar Lunde Oseng
mob: +47 483 54 966
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os