
Avdeling for miljø og aktivitet søkjer ein engasjert og inkluderande avdelingsleiar
100% fast stilling som avdelingsleiar
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 tilsetja. Vi er ein nær og inkluderande kommune, noko som blir spegla i vår misjon: "Det gode livet for alle." Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige oppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarane og lokalsamfunnet. Du betyr noko – og det du gjer har ein verdi!
Avdeling for Miljø og Aktivitet er ei nyoppretta avdeling under eining for Psykisk helse og rustenester i Bjørnafjorden, og vi søkjer no ein tydeleg og fagleg sterk leiar som vil vere med på å vidareutvikle eit viktig tenestetilbod.
Avdelinga blei etablert hausen 2024 og har ansvar for samordning av ambulerande tenester til personar med utfordringar knytt til psykisk helse, rus og kvardagsmeistring. Avdelinga er organisert i tre team:
- Vartun bustadoppfølging: Tilbyr trygge rammer og målretta oppfølging for stabilitet og sjølvstende i eigen bustad. Tenesta omfattar samtalar, varme måltid, sosialt samvær, utdeling av reint brukarutstyr og medisinering for pasientar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
- Ambulerande helsehjelp: Gir heilskapleg oppfølging i eigen bustad til menneske med samansette utfordringar innan rus, psykisk helse og livsmeistring. Målet er å styrke meistring og livskvalitet.
- Livskvalitet: Lågterskeltilbod med dagsentra (Kontakto, Ung Kontakto, Fjordtreff), arbeidstrening og varierte aktivitetar som klatring, fotball (gatelag), terapiriding, ski- og sykkelverkstad og kaffibrenneri.
Som avdelingsleiar vert du ein del av leiargruppa i eininga for Psykisk helse- og rustenester.
I avdelinga vil du samarbeide tett med to fagleiarar – éin for ambulerande helsehjelp og éin for aktivitet og lågterskeltilbod innan Livskvalitet. Totalt har avdelinga 29 årsverk, fordelt på eit dedikert og tverrfagleg, team som brenn for å gi forsvarlege og helsefremjande tenester.
Arbeidsoppgåver
Du vil ha det overordna faglege, administrative og personalmessige ansvaret for avdelinga. Dine viktigaste oppgåver vil vere å:
- Leie og vidareutvikle avdelinga i tråd med lovverk, faglege føringar og kommunale mål
- Sikre god ressursstyring, budsjettkontroll og personaloppfølging
- Gi fagleg rettleiing og støtte til fagleiarar og tilsette
- Bidra til god samhandling internt i eininga, på tvers av kommunale tenester og med samarbeidspartnarar som spesialisthelsetenesta, NAV og frivillige organisasjonar
- Sikre brukarmedverknad og tenester med høg kvalitet og låg terskel
- Utarbeide turnus
- Bidra til innovasjon og utvikling med vekt på tidleg innsats, helsefremjande arbeid og samskaping med brukarane
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag (t.d. sjukepleie, vernepleie eller sosialt arbeid). Anna relevant utdanning kan vurderast.
- Erfaring med arbeid med menneske som har psykiske lidingar og/eller rusutfordringar
- Videreutdanning innen psykisk helse- og/eller rusarbeid er ønskelig.
- Leiarerfaring, gjerne med formell leiarutdanning er ønskelig
- Førarkort klasse B.
Vi ser etter deg som:
- Evner å arbeida både sjølvstendig og i tverrfagleg samarbeid.
- Har gode kommunikasjons- og relasjonelle ferdigheter.
- Står stødig i krevjande situasjonar og handtere høgt arbeidspress
- Har inkluderande leiarstil som skaper tillit og motiverer medarbeidarar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og framtidsretta leiarstilling
- Eit sterkt og engasjert fagmiljø med fokus på utvikling og samarbeid
- Høve til påverknad og fagleg nytenking
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter gjeldende avtaler og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gratis parkering
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag der du verkeleg kan gjere ein forskjell
Annet
Etter søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste som inneheld namn, alder, stilling og bustad- eller arbeidskommune. Det mogleg å be om unntak frå innsyn dersom en søkar ber om det, men dette kan bli avslått i tråd med gjeldande regelverk. I slike tilfeller vil søkaren bli varsla.
Attester og vitnemål skal takast med til eventuelt intervju. Vi vil aldri be søkere om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/17013
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Leiar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
27.04.2025
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Industrivegen 8
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os