Bjørnafjorden kommune Kart og oppmåling

På kart- og oppmålingsavdelinga er det ledig fast stilling som fagleiar oppmåling.

100% fast stilling som fagleiar

Bjørnafjorden kommune har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst. Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og - ikkje minst - gjere det vi seier.

 

Arbeidsstad er avdeling for kart og oppmåling i Bjørnafjorden kommune.

 Arbeidsoppgåver

  • Oppmålingsforretningar etter matrikkellova og anna oppmålingsarbeid
  • Organisering av oppmålingssakene med oppfølging i fagsystem og kontakt med kunder/rekvirent
  • Godkjenne oppmålingssakene før dei vert sendt til matrikkelføring
  • Ta avgjerd på faglege spørsmål knytta til gjennomføring av oppmålingssakene
  • Kontakt mot dei andre einingane i høve til eigedomsspørsmål

Kvalifikasjonar

  • Godkjent høgskuleutdanning med eigedoms- og landmålingsfag/Master i eigedomsfag
  • Erfaring med bruk av GPS, totalstasjon og relevant geodatafagleg programvare
  • Godkjenning/autorisasjon som landmålar
  • Brei erfaring med oppmålingssaker etter matrikkellova
  • God kunnskap om tilgrensande lovverk som til dømes plan- og bygningslova

 Personlege eigenskapar

  • Du arbeidar sjølvstendig, men har også gode samarbeidsevner
  • Du er strukturert, nøyaktig og har evne til å arbeida effektivt i ein travel kvardag
  • Du må like kombinasjonen av å arbeida ute og inne

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver i alt frå tettbygde til landlige strøk.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.
  • Tenestebil
  • Fleksibel arbeidstid

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

25/17010

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Samfunnsutvikling

Stillingsnivå:

Fagleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

27.04.2025

Tiltreding:

August 2025

Arbeidsstad:

Rådhuset Osøyro

Kontaktpersonar:

Torbjørn Steffensen

mob: +47 970 90 192

Adresse:

Torggata 7 5200 Os

Kart: