
Bli fastlege i Bjørnafjorden!
Ledig fastlegeheimel ved Os Allmennpraksis
Bjørnafjorden kommune har ledig heimel for næringsdrivande fastlege i etablert praksis med ekstra kommunalt basistilskot.
Bjørnafjorden har vakker natur, gode moglegheiter for friluftsaktivitetar og eit rikt kulturliv. Vi har i dag 30 fastlegar fordelt på 6 legesenter.
No har vi ein ledig fastlegeheimel ved Os Allmennpraksis. Os Allmennpraksis DA held til midt i Os sentrum. Legesenteret har tre ALIS og tre spesialistar i allmennmedisin, samt LIS1. Vi har òg fire dyktige helsesekretærar.
Os Allmennpraksis er eit stabilt fastlegekontor med erfarne legar og helsesekretærar. Heimelen er godt innarbeidd og har ein stabil pasientpopulasjon.
Vi søkjer ein engasjert lege til å bli ein del av vårt sterke fagmiljø og trivelege arbeidsfellesskap. Oppstart 02.10.2025. Tidlegare oppstart kan avtalast.
Os Allmennpraksis er organisert som DA, der kvar heimelshavar har lik ansvarsdel. Heimelshavar inngår internavtale med dei andre deltakarane og kjøper seg inn i kontoret sitt fellesutstyr. Eventuelle oppgåver blir fordelte internt.
Ta gjerne kontakt med legesenteret for spørsmål rundt drift.
Bjørnafjorden kommune tilbyr:
- Basistilskot: Kommunen betaler ut statleg og kommunalt basistilskot på til saman kr 1000,- per pasient per år
- Moglegheit for reduserte pasientlister om du ønskjer det
- Gjenkjøpsgaranti av fastlegeheimel: Om du vil avvikle i løpet av dei fem første åra, garanterer kommunen for tilbakekjøp av heimel
- Dekking av praksisutgifter ved behov for vikar
- 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for barn under 12 år i inntil 10 dagar per år. For ALIS-legar også ved eigen sjukdom
- Fastlønn for legevakt
Legekontoret tilbyr:
- Eit velorganisert og etablert legesenter. Eige laboratorium og skiftestue. Stabil drift og gode interne avtalar
- Infodoc, Plenario journalsystem, Norsk Helsenett, e-resept, Trinnvis kvalitetssystem
- Eit velutstyrt kontor med EKG, 24-timars blodtrykksmålar, spirometri, nitrogentank til kryo
- Stabil pasientliste på ca. 600 pasientar. Dette gir rom for ALIS-aktivitetar og god oppfølging av pasientar – i balanse med privat- og familieliv
- Fastlegeheimelen inngår i eit delt ansvar (DA) med selskapsavtale og internavtale
- Vilkår for overdraging blir avtalt direkte med noverande heimelshavar, i tråd med sentrale avtalar
Gode vilkår for ALIS/LIS1
- Rettleiing og individuell utdanningsplan tilsvarande krava i spesialistforskrifta
- ALIS-ordninga dekker praksiskompensasjon ved fråvær frå fastlegepraksis i samband med læringsaktivitetar og rettleiing, inkludert førebuing
- 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for deg/barn under 12 år i inntil 10 dagar per år (fram til sjukeavbrotsforsikring gjeld)
- Kommunen dekker utgiftene til læringsaktivitetar som ikkje blir dekte av Legeforeningen
- Eigen kommunal ALIS-/LIS1-koordinator
Som næringsdrivande fastlege i kommunen har du god moglegheit til å utforme praksisen din slik du ønskjer.
Om Bjørnafjorden kommune:
- 20 min til Bergen sentrum og 20 minutt til næraste flyplass (Flesland)
- God barnehagedekning
- Rikt kultur- og idrettsliv
- Svært gode friluftsmoglegheiter!
Vi søkjer deg som:
- Er utdanna lege med norsk autorisasjon, ønskjer spesialisering eller er lege i spesialisering eller spesialist i allmennmedisin
- Du meistrar norsk munnleg (nivå B2), engelsk munnleg og kan skrive på norsk
- Er fagleg engasjert og opptatt av god pasientoppfølging
- Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
- Har gode personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må levere politiattest.
Søknad med CV sendast til: bem@bjornafjorden.kommune.no
Kontaktpersonar ved Os Allmennpraksis:
Fastlege: Nina Sundfjord
988 13 515
osall.nsu@gmail.com
Heimelshavar: Fride Flatmo
400 78 410
fflatmo@gmail.com
Kontaktperson i Bjørnafjorden kommune
Einingsleiar Legetenester: Beate Moberg
952 01 511
bem@bjornafjorden.kommune.no
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/17009
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Lege
Stillingstype:
Fast
Heiltid
Søknadsfrist:
11.05.2025
Tiltreding:
02.10.2025 / etter avtale
Arbeidsstad:
Os Allmennpraksis
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Torggata 5209 OS