Bjørnafjorden kommune Strandvik barnehage

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Fagarbeidar/assistent ved Strandvik barnehage

Vi har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar/assistent ved Strandvik barnehage frå 01.05.25.

Ønskjer du å bruke fagkompetansen din til å gje barn og unge ein trygg oppvekst? Då har vi jobben for deg ! Vi ser etter deg som bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø og som tar initiativ i ein hektisk og fantastisk kvardag.

Arbeidsstad
Strandvik barnehage ligg 15 minutters køyring frå Venjaneset ferjekai. Det er ein middels stor barnehage med lyse og luftige lokalar, plassert i hjarta av Strandvik. Rundt barnehagen finn ein skog, sjø, fjell, park, kyrkja, skule, idrettsbane og butikk. Barnehage sine satsningsområder er; trygt og godt psykososialt miljø, leik og leikemiljø og inkluderende språkmiljø. Barnehagen har fokus på fagleg utvikling av tilsette og legg tilrette for eit variert fagleg innhald på våre møtearenaer

Arbeidsoppgåver

  • Ta del i det praktiske og pedagogiske arbeidet i lag med personalet
  • Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø
  • Vere medansvarleg for å legge til rette for barna si læring, utvikling og danning
  • Bidra til eit godt språkleg miljø og vere ein god rollemodell

Kvalifikasjonar
Ønskeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men anna relevant erfaring vil også bli vurdert.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Personlige egenskaper:

  • Du likar å leike med barn
  • Du trives med ein fysisk aktiv kvardag
  • Du kan kommunisera og samarbeide godt med barn, kollegar og foreldre
  • Du er engasjert og har barna i fokus

 Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Arbeidstid 7,5 timers-vakter ( inkludert betalt lunsjpause)
  • Mentorordning
  • Vikar ved behov
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.

 

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Fagarbeidar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

08.04.2025

Tiltreding:

mai 2025

Arbeidsstad:

Strandvik barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: