
Er du sjukepleiar og vil vere med å bidra til utviklinga av heimetenesta? Då er dette jobben for deg
Sjukepleiar i Heimetenesta - 100 % fast
Vi har ledig 100 % stilling for sjukepleiar hos Heimetenesta i Eikelandsosen gr. 2. Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg etter gjeldande avtalar. Vi er fleksible med omsyn til stillingsstorleik.
Eininga vår, Fusa bu- og behandlingssenter og heimetenesta, ser på ulike måtar å organisere arbeidet for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å vere med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensningar. Blir du ein del av teamet vårt, får du moglegheit til å vere med på endringsarbeidet.
Arbeidsstad
Heimetenesta i Eikelandsosen gr 2.
Heimetenesta er per i dag delt i avdelingane gruppe 1 Baldersheim, gruppe 2 Eikelandsosen og dagsenter.
Arbeidsoppgåver
- Utøve klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert tekne vare på
- Dokumentere helsehjelp i Profil
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert følgde
- Vere pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluering av tiltak
- Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
- Ansvarleg for å halde seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar. Anna helsefagleg utdanning, og lang erfaring kan bli vurdert
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Saman med dyktige kollegaer vil du utføre oppgåver som sikrar høg kvalitet og at brukarane sine rettar blir ivaretekne. Søkjarar utanfor Noreg må ha gode norske språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode evner til observasjon og dokumentasjon
- God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
- Bidra til godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/7089
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Sjukepleiar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
10.04.2025
Tiltreding:
Snarast / etter avtale
Arbeidsstad:
Heimetenesta gr. 2 - Eikelandsosen
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Leitet 28 5640 Eikelandsosen