Bjørnafjorden kommune Økonomiavdelinga

Rådgivar offentlege anskaffingar

Bjørnafjorden kommune har ledig fast stilling som rådgivar for offentlege anskaffingar. Vi søkjer etterein strukturert og handlekraftig medarbeidar med evne til å oppnå resultat. Du må kunne ta tak ifaglege utfordringar, ha god evne til samarbeid og må trivast i eit hektisk miljø. 
Stillinga skal bidra til å sikre at kommunen gjennomfører sine anskaffingar i samsvar med lov og forskrift om offentlege anskaffingar. Stillinga er organisatorisk plassert i økonomiavdelinga.

Arbeidsoppgåver vil m.a. vere:

  • Delta i anskaffingsprosessar, herunder planlegging, gjennomføring og kontraktsutforming
  • Vedlikehalde og vidareutvikle rutinar, reglement og andre relevante styringsdokument
  • Vedlikehalde og vidareutvikle bruken av digitale verktøy
  • Kompetansebygging ut i organisasjonen vedr offentlege anskaffingar

 

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning fortrinnsvis på masternivå innan relevant fagkrins, gjerne rettsvitenskap
  • Relevant arbeidserfaring kan ev. kompensere for kompetansekrav.
  • Erfaring frå arbeid med regelverket for offentlege anskaffingar og kontrakshandtering er ein fordel. Sertifisering eller annan dokumentert fagleg fordjuping i fagfeltet er ønskeleg.

 Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi vil leggja vekt på søkjaren si samla kompetanse og personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • Ein organisasjon i vekst med store utviklingsoppgåver i åra som kjem
  • Eit spanande arbeidsområde med høve til å påverka innhaldet i jobben
  • Ein utfordrande jobb med høve for personleg utvikling
  • Kompetente kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

25/7058

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Stab og utvikling, HR, økonomi

Stillingsnivå:

Rådgjevar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

03.04.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Økonomiavdelinga

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: