Førebyggande helsteteneste

Vil du vere med å gje born og unge i Bjørnafjorden kommune ein trygg oppvekst?

Jordmor - vikariat

I oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet sine ressursar i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege med barn, unge og føresette i sentrum. For å få dette til er alle tenester til barn, unge og familiar organisert i Familiens hus. Einingane som inngår i Familiens hus er Førebyggande helse, Eining for barn, unge og familiar og Barneverntenesta.

Vi søker engasjert jordmor til 100% vikariat i vårt jordmorteam frå 01.05.25 til 31.03.26

Arbeidsstad
Førebyggjande helesetenester er det i 3 avdelingar; avdeling jordmorteneste, avdeling helsestasjon og flyktninghelse og avdeling skule.
Ledig stilling er knytt til jordmortenesta.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvane er knytt til svangerskap- og barseloppfølging i Bjørnafjorden kommune.

Jordmortenesta har eit høgt fagleg nivå og stort fokus på det beste for gravide, barselkvinner
og det nyfødde barnet. Vi har svangerskapsoppfølging og tidleg barseloppfølging med
delegerte spesialisthelseteneste- oppgåver ved nærjordmorsenteret. Sårbare gravide /
familiar blir fulgt opp gjennom «Trygg start», og kommunalt tilsette som er gravide får tilbod
om oppfølging av «Jobb-jordmor».

Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har
- godkjent utdanning som jordmor
- arbeidserfaring som jordmor frå kommunehelseteneste og/eller spesialisthelseteneste
- førerkort klasse B 

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Personlege egenskaper
Vi søker deg som: 
- har gode gjennomføringsevner og leverer resultat i samsvar med styringsdokument, mål, handlingsplanar og satsingar
- har høg arbeidskapasitet, er strukturert og organiserer arbeidet ditt på ein god måte
- er engasjert og har interesse for fagutvikling, samt tverrfaglig samarbeid og har evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform.
- trives i eit aktivt og travelt miljø, og bidrar til et godt arbeidsmiljø

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og lønn etter gjeldande avtalar.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Kontakperson:
Avdelingsleiar Jormortenesta; Gry Albriktsen, mob. 415 12 521 / 477 60 697
Einingsleiar Førebyggande helsetenester; Marita Måge, mob. 988 09 935

Del på:

Referansenummer:

25/6055

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Sjukepleiar

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

30.03.2025

Tiltreding:

01.05.2025

Arbeidsstad:

Jordmortenesta

Adresse:

Torggata 7 5200 Os

Kart: