Bjørnafjorden kommune Fagsenteret

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Spesialpedagog i Pedagogisk fagsenter

Vi har ledig fast 100% stilling som spesialpedagog i Pedagogisk fagsenter.

Ønsker du å bruke fagkompetansen din til å gje barn og unge ein trygg oppvekst? Då har vi jobben for deg.

Vi ser etter deg som er fagleg engasjert og oppdatert. Du viser omsorg, evner å skape relasjoner til store og små, og tar ansvar. Du ønskjer å utvikle deg fagleg i eit miljø kor du får  bidra, bruke din kompetanse og får støtte og rettleiing. Du kan jobbe både sjølvstendig og i team.

Pedagogisk fagsenter er ein del av barnehageområdet i Bjørnafjorden kommune.  I Pedagogisk fagsenter jobbar vi direkte med barn som har lovfesta rett til spesialpedagogisk hjelp. Arbeidet vil vera ute i tildelt barnehage i tett samarbeid med dei tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve vedtaksfesta spesialpedagogisk hjelp i barnehage (§31 i barnehageloven)
  • Rettleiing og samarbeid inn mot barnehage og føresette
  • Jobbe førebyggande på «grøn sone»
  • Utarbeide tiltaksplanar og årsrapportar i samarbeid med barnehagen.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå .
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Ønskeleg med vidareutdanning i spesialpedagogikk eller anna relevant vidareutdanning.
  • Ønskeleg med rettleiingskompetanse
  • Ønskeleg med erfaring frå barnehage og arbeid med spesialpedagogikk.
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med språk, alternativ supplerande kommunikasjon og samansette lærevanskar

Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar. Det administrative skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:

  • Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og i team
  • God relasjonell kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å vere fleksibel, strukturert og løysingsfokusert
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Mentorordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter avtale

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga dersom du vurderer å søke.
Tom Andreas Grønn-Jensen, avdelingsleiar pedagogisk fagsenter
E-post: tomgro@bjornafjorden.kommune.no tlf: 932 58 178

Irene Kvåle Foer, fagsjef kommunale barnehagar
E-post: IRFO@bjornafjorden.kommune.no  tlf: 917 57 972

 

 

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

25/4849

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Barnehagelærar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

23.03.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Fagsenteret

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: