Bjørnafjorden kommune Fagsenteret

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Støtteressurs i Pedagogisk fagsenter

Vi har ledig fast 100% stilling som støtteressurs – fagarbeider/assistent i Pedagogisk fagsenter.

Vi søkjer deg som ønsker å jobbe med barn som har enkeltvedtak, og vera med på laget for å få til eit heltskapeleg tilbodet til barnet. Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Bjørnafjorden kommune. Pedagogisk fagsenter er ein del av barnehageområdet i Bjørnafjorden kommune. 

Pedagogisk fagsenter skal utvida teamet med ein støtteressurs – fagarbeidarar. Jobben er direkte knytt til barn med nedsett funksjonsevne som har lovfesta rett til tilrettelegging. Arbeidet vil vera ute i tildelt barnehage i tett samarbeid med dei tilsette.

Som fagarbeider/assistent hos oss får du:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Faglege og personlege utfordringar
  • Mentorordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale

Kvalifikasjonar:

  • Ønskeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. 
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Ønskeleg med erfaring frå barnehage og spesialpedagogisk arbeid.
  • Ønskeleg med helsefagleg kompetanse.
  • Fordel med erfaring frå arbeid med språk og alternativ supplerande kommunikasjon.
  • Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar. Det administrative skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:

  • Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og i team
  • God relasjonell kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å vere fleksibel, strukturert og løysingsfokusert
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Ansvarsområder:

  • Utøve vedtaksfesta tilrettelegging i barnehage (§37 i barnehagelova)
    • Jobbe for at barnet blir gjeven mogelegheit til å delta i og vere ein del av barnehagen sitt fellesskap. 
    • Sørge for at barnet sitt behov for hjelp og støtte vert ivaretatt slik at barnehagen vert ein arena for leik og utvikling.  
    • Ivareta barnet sitt behov slik at det vert gjev mogelegheit for deltaking i barnehagen sitt kvardagsliv og aktivitetar saman med dei andre barna. 
    • I samarbeid med pedagogisk leiar og Spesialpedagog delta i å utarbeide mål og tiltaksplan for barnet. 

Du må kunne disponere eigen bil

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen


Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga dersom du vurderer å søke.
Tom Andreas Grønn-Jensen, avdelingsleiar pedagogisk fagsenter
E-post: tomgro@bjornafjorden.kommune.no tlf: 932 58 178

Irene Kvåle Foer, fagsjef kommunale barnehagar
E-post: IRFO@bjornafjorden.kommune.no  tlf: 91757972

 

 

 

 

 

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

25/4848

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Fagarbeidar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

23.03.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Fagsenteret

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: