
Bli ein del av laget vårt! Godt arbeidsmiljø og eit engasjert fagmiljø.
100% fast stilling for vernepleiar/sjukepleiar
Vi i eining for rus- og psykisk helse har ledig 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4. kvar helg langvakter.
Arbeidsstad
Stillinga er ein del av einingas ressursbemanning, men er for tida plassert i avdeling bufellesskap psykisk helse. Avdelinga gjev tenester til personar med psykiske lidingar over 18 år og har for tida 16 bebuarar med varierande bistandsbehov.
Arbeidsoppgåver
Vi jobbar etter recovery-tilnærminga som handlar om å bidra til ein personleg prosess der den enkelte får hjelp til å øve opp evne til å finne eigne meistringsstrategiar for å skape ein meiningsfull kvardag. Ved å jobbe med dette vil ein skape styrke til å meistre å leve eit godt liv med sine psykiske utfordringar. Den kommunale tenesta har til hensikt å bidra til å stabilisera den psykiske helsa hos bebuar og støtte vedkommande til å bli i betre stand til å gjennomføra daglege gjeremål, og handtera utfordringar på ein sjølvstendig måte.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike mål og tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge eit koordinator-ansvar til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg som har autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar.
- Det er fortrinnsvis ønskjeleg med erfaring i frå psykisk helsearbeid og miljøterapi knytt til personar med psykisk uhelse.
- Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direkotratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/3172
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Fast
Heiltid
Søknadsfrist:
28.03.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Grantun
Kontaktpersonar:
Avdelingsleiar Grantun Åse Kristin Uglehus
mob: +47 995 33 798
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os