
Er du vår nye helsefagarbeidar?
Helsefagarbeidar - fast stilling
Vi søkjer etter engasjerte og omsorgsfulle helsefagarbeidarar til vår miljøavdeling, kor vi jobbar med personar med demens. Hos oss vil du bli ein del av eit dedikert team som kvar dag utgjer ein forskjell i liva til våre bebuarar.
Vi har ledig ein 100% stilling med turnus dag/kveld og kvar 3.helg. Om du ønsker å gå redusert er det mogleg då deler av stillinga blir i ressursbemanning der du må gå på tvers av avdelingar.
Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) er ein heildøgns institusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune. FBBS består av 2 miljøavdelingar for personar med demens, 1 bu avdeling for somatisk og 1 kortids/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt 1 ØHD- plass. FBBS har eige produksjonskjøkken og vaskeri.
Sjukeheimen ligg vakkert til med utsikt over fjorden. Hos oss får du samarbeida med dyktige kollegaer og være med på å utvikla arbeidsplassen.
Arbeidsoppgåver og ansvar
- Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Dokumentere i gjeldande fagsystem
- Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
- Stell og pleie av pasientar
- Vere ein god rollemodell, og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar
- Ernæring, legemiddelhandsaming og miljøarbeid
Kvalifikasjonar
- Har autorisasjon som helsefagarbeidar, eller har anna relevant utdanning/erfaring
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Har erfaring eller interesse for arbeid med personar med demens
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Er empatisk, tolmodig og har gode kommunikasjonsevner
- Trives med å jobbe i team og bidra til et godt arbeidsmiljø
- Gode evner til observasjon og dokumentasjon
- Omstillingsorientert og ser moglegheiter framfor avgrensing
- Du er stolt over ditt fag og tek ansvar for eiga utvikling
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Moglegheiter for fagleg utvikling
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Søk i dag og bli en del av vårt fantastiske team! Vi gleder oss til å høyra frå deg!
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/1559
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Helsefagarbeidar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
03.04.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Miljøavdelinga/Ressursbemanning
Kontaktpersonar:
Ass. avd. leiar Merethe Tveit
tlf: +47 56580226
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Leitet 28 5640 Eikelandsosen