Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne

Helgestillingar

Ved Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Vestre Lurane bufellesskap, har ledig 2 faste helgestillingar i turnus

- 16 % stilling;   kvar 3. helg (to av fire helger med seinvakt fredag)

- 15 % stilling;   kvar 3. helg (ein av fire med seinvakt fredag)

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og bufellesskapa er i hovudsak for personar over 18 år. Tenestene består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter.

Vestre Lurane er eit bufellesskap med 9 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov. I tillegg har bufellesskapet ansvar for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar.
Avdelinga ligg nokre få minutt i frå Os sentrum.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak, er sentrale arbeidsoppgåver.
Stillingane er i turnus med arbeidshelg kvar 3. eller 4. helg, ordinære vakter eller langvakter (12,5 timar)

Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi særleg å rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning.
Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært,
men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.

Utlands utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar - studentavlønning for relevant utdanning
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  

Del på:

Referansenummer:

25/1371

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Helgestilling

Søknadsfrist:

17.02.2025

Tiltreding:

april 2025

Arbeidsstad:

Vestre Lurane bufellesskap

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: