Eining for psykisk helse og rustenester søkjer kvilande nattevakt ved Grantun bufellesskap.
35% fast stilling som kvilande nattevakt
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidreg du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Funksjon og ansvarsområde:
Å arbeidde som nattevakt i avdelinga krev at du er sjølvstendig og trygg. Arbeidstakar skal bidra til samarbeid, kulturbygging og godt arbeidsmiljø i avdelinga. Arbeidstakar skal setje seg inn i og følgja dei gjeldande retningslinjene for arbeidet. Vidare vil vi at arbeidstakar engasjerer seg i utforming og deltek for å utvikla miljøarbeidet rundt bebuarar, og tek ansvar for å vidareformidla når behov for endring vert oppdaga.
Vaktlengd på natt er frå kl. 22:00 til 07:00, med kvilande tid frå kl. 00:00 – 06:00.
Den kvilande tida vert avlønt i forholdet 1:3.
Stillinga vil i hovudsak ha kvilande teneste, men ein må pårekna vekking ved særskilde behov.
Stillingsprosent 66 % med 35 % lønnsutbetaling - stillinga er ledig frå 27. Januar 2025.
Kvalifikasjonar:
Utdanning og formell kompetanse:
• Relevant utdanning innan helse- og omsorg er ønskeleg
• Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid
• Personleg eignaheit vil vera avgjerande
• Sjølvstende
• Tydelegheit
• Evne til å samhandla godt med bebuarar med ulike behov
• Evne til å samhandla med kollegaer og tileigne seg nødvendig informasjon
• Følgje rutinar og retningslinjer for arbeidet
Nattevakt ved psykisk helse og rustenestar er ein dyktig medarbeidar som:
• Aktivt bidreg til å utvikla tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn
• Har gode gjennomføringsevner og følgjer rutinar og retningslinjer
• Er pårørande-, brukar-, og serviceorientert, med ei konstruktiv kommunikasjonsform
• Skaper gode relasjonar og har evne til samarbeid
• Bidreg til tryggleik for den enkelte bebuarar
• Viser respekt, omsorg og empati for menneska rundt deg
• Inspirerer andre og bidreg til arbeidsglede
Vi tilbyr:
• Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
• Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
• Løn etter gjeldande avtalar
• Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utgått søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/1326
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Deltid
Søknadsfrist:
14.02.2025
Tiltreding:
snarest/etter avtale
Arbeidsstad:
Grantun
Kontaktpersonar:
Avdelingsleiar Grantun Åse Kristin Uglehus
mob: +47 995 33 798
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os