Ved avd. Bufellesskap Grantun er det ledig helgestilling
Fast helgestilling på 18,31 %.
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidreg du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Arbeidsstad
Grantun bufellesskap er eit bufellesskap for personar med psykiske vanskar. Grantun har 16 leilegheiter, krisehybel og fellesareal. Vi har som visjon å skapa tryggleik, føreseielegheit, trivsel og gje rom for eigenutvikling.
Arbeidsoppgåver
Du skal yta eit heilskapleg og fagleg omsorgsstilbod til tenestemottakarane. Arbeidet består i å yta brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføra daglege gjeremål og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Målretta miljøterapi og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
• Helsefagarbeidar eller annan relevant utdanning.
• Studentar og assistentar utan utdanning kan også søkje.
• Erfaring innan psykisk helsearbeid vil vere ein fordel.
• Du er medviten dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
• Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel.
• Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
• Det vert lagt stor vekt på kjennskapen din til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
• Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
• God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
• Løn etter gjeldande avtalar
• Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utgått søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/1325
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Stillingstype:
Helgestilling
Søknadsfrist:
14.02.2025
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Grantun
Kontaktpersonar:
Avdelingsleiar Grantun Åse Kristin Uglehus
mob: +47 995 33 798
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os