Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne

Helgestillingar

Tilrettelagte tenester, for tida v/Bolig Moberg bufellesskap, er det frå snarast ledige helgestillingar:

  • 22 % stilling m/arbeid kvar 4. helg (langvakter)
  • 18 % stilling m/arbeid kvar 3. helg (seinvakter og mellomvakter)
  • 17 % stilling m/arbeid kvar 3. helg (seinvakter og mellomvakter)

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter. Bufellesskap Bolig Moberg er for vaksne personar over 18 år og boligane ligg lokalisert nokre få minutt i frå Osøyro.

Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. 

Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Bolig Moberg er ei avdeling kor det blir jobba miljøarbeid retta mot utfordrande åtferd.

Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi særleg å rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning.
Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært, men har interesse for å jobba med menneske, og som på sikt kunne tenke seg å ta ei relevant utdanning.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa vil bli vektlagt.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Utlands utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar - studentavlønning for relevant utdanning
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  

Del på:

Referansenummer:

25/1173

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Helgestilling

Søknadsfrist:

11.02.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Bolig Moberg bufellesskap

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: