Heimehjelp - Heimetenester Baldersheim
Vi har frå snarast ledig om lag 66 % stilling i vikariat som heimehjelp med helgestilling i pleien. Ved utløp av vikariat er det moglegheit for fast tilsetting/forlenging i ressursbemanning.
Arbeidsstad
Heimetenester Baldersheim, gruppe 1
Arbeidsoppgåver
- Utføre praktisk bistand etter vedtak til brukarar
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir fulgt
- Vere pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
- Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
- Bidra til godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Assistent/reinhaldar med helsefagleg erfaring eller tilsvarande praksis
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Førarkort kl B
- Bestått Norskkurs nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og strukturert
- Løysingsorientert og endringsvillig
- Fleksibel og lojal
- God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Motiverande og engasjerande medarbeidar med godt humør
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Assistent
Reinhaldsoperatør
Stillingstype:
Deltid
Vikariat
Søknadsfrist:
27.01.2025
Tiltreding:
Etter avtale / Snarast
Arbeidsstad:
Heimtenester Baldersheim
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Leitet 28 5640 Eikelandsosen