Bjørnafjorden kommune

Vil du vera med å gje born og unge i Bjørnafjorden kommune ein trygg oppvekst?

Pedagogisk leiar

Vi har ledig 100% vikariat, med mogleheit for fast, som pedagogisk leiar ved Strandvik barnehage frå snarast og fram til 31.12.2025

Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn og kan bidra til vidareutvikling av Strandvik barnehage, som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. 
Vi ser etter deg som er kreativ, tydeleg, har eit positivt menneskesyn og gode evner til samarbeid . Du er engasjert på vegne av barna, og legg til rette for gode leike - og læringsmiljø både ute og inne. Du vil bidra til ein kultur prega av nærvær, der ein skapar god relasjon til enkelt barn samtidig som ein evner å sjå heile barnegruppa.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobber målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø.

Satsingsområdet er å jobbe for å forebygge og stoppe krenkingar,berekraftig utvikling, trafikktryggleik, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.

Arbeidsstad:
Strandvik Barnehage er ein middels stor barnehage, med luftige og lyse lokaler, plassert i hjarta av Strandvik.
Rundt barnehagen finn ein skog, sjø, fjell, park, kyrkja, skule, idrettsbane og butikk. Utfordrande og flotte turområde for alle aldersgrupper.
Strandvik barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. I 2023-2025 år er vi med i regional ordning for barnehagebasert kompetanseutvikling, med mål om å bli ein teikn til tale barnehage. Barnehagen har 7 tilsette og 22 barn.

 Arbeidsoppgåver
- Ansvar for eit godt pedagogisk tilbod til barna, planlegging, dokumentasjon og vurdering for barnegrupper
- Arbeide i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, reglement og andre kommunale vedtak som har betydning for barnehagen si drift
- Bidra aktivt i leiarteamet i barnehagen
- Oppfølging og utvikling av tilsette på avdelinga
- Foreldresamarbeid
- Tverrfagleg samarbeid med eksterne instansar som fagsenter, PPT og barnevern
- Sjå barnehagen i ein heilskap, ha omsorg for alle barn og aktivt ta del i utviklinga av barnehagen
- Bruke digitale verktøy i pedagogisk samanheng og i barnehage - heim samarbeid.

Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
 -Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet.
- Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.
- Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

 Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Barnehagelærar

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

26.01.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Strandvik barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: