Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Pedagogisk leiar ved Strandvik barnehage
Vi har ledig 100 % vikariat, med moglegheit for fast, som pedagogisk leiar ved Strandvik barnehage frå snarast og fram til 31.12.25.
Vi søkjer etter ein pedagogisk leiar som ønskjer å arbeide med barn og kan bidra til vidareutvikling av Strandvik barnehage, som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon.
Vi ser etter deg som er kreativ, tydeleg, har eit positivt menneskesyn og gode evner til samarbeid . Du er engasjert på vegne av barna, og legg til rette for gode leike - og læringsmiljø både ute og inne. Du vil bidra til ein kultur preget av nærvær, der ein skapar god relasjon til enkelt barn samtidig som ein evner å sjå heile barnegruppa.
Arbeidsstad
Strandvik barnehage er ein middels stor barnehage med lyse og luftige lokalar, plassert i hjarta av Strandvik. Rundt barnehagen finn ein skog, sjø, fjell, park, kyrkja, skule, idrettsbane og butikk. Utfordrande og flotte turområder for alle aldersgrupper.
Strandvik barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. I 2023-2025 år er vi med i regional ordning for barnehagebasert kompetanseutvikling, med mål om å bli ein teikn til tale barnehage.
Barnehagen har 7 tilsette og 22 barn.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for eit godt pedagogisk tilbod til barna, planlegging, dokumentasjon og vurdering for barnegrupper
- Arbeide i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, reglement og andre kommunale vedtak som har betydning for barnehagen si drift
- Bidra aktivt i leiarteamet i barnehagen
- Oppfølging og utvikling av tilsette på avdelinga
- Foreldresamarbeid
- Tverrfagleg samarbeid med eksterne instansar som fagsenter, PPT og barnevern
- Sjå barnehagen i ein heilskap, ha omsorg for alle barn og aktivt ta del i utviklinga av barnehagen
- Bruke digitale verktøy i pedagogisk samanheng og i barnehage - heim samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnehagelærar
- Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
- Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.
- Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.
Vi oppmodar andre med relevant utdanning å søkje.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtalar
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Avdelingsleiar
Leiar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
02.12.2024
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Strandvik barnehage
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://Bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os