Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Avdelingsleiar ved Lunde barneskule
Lunde barneskule har ledig fast stilling i 100% som avdelingsleiar frå 15.01.25
Vår avdelingsleiar gjennom mange år, tar fatt på nye utfordringar og vi søkjer derfor ein som kan fylle denne plassen i Lundehjartet vårt.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnfjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for faglig og sosial utvikling. Vi har og som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Arbeidsstad
Lunde barneskule er ein 1-7 -skule med rundt 320 elevar og 50 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde i Bjørnafjorden kommune. Vi har eit fleksibelt, nytt og moderne skulebygg, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen. Hausten 2021 opna vi den nye utehallen vår, som gjev gode moglegheiter for fysisk aktivitet ute gjennom heile året.
Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og logoen vår «Lundehjartet» står sentralt. Vi arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. «Vi elskar å lære».
Vårt personale er samansett av kompetente og utviklingsorienterte medarbeidarar, med godt humør og samhald som skaper eit godt arbeidsmiljø.
Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no og facebook.com/Lundebarneskule.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar vert ein del av leiarteamet ved skulen, som består av to avdelingsleiarar og rektor.
Som avdelingsleiar vil ein ha personalansvar, vere IKT-ansvarleg, og ha ansvar for vikararbeid. I tillegg vil ein få oppgåver som pedagogisk utviklingsarbeid, oppfølging av personale og elevsaker, organisering og utvikling i tett samarbeid med ulike team på skulen.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Leiarutdanning og erfaring frå skuleleiing er ønskjeleg.
God digital kompetanse.
Utanlandsk utdanning må vere HK-dir godkjent.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi søkjer ein avdelingsleiar som
- er tydeleg og engasjert
- er aktiv og visjonær i pedagogisk utviklingsarbeid
- har kjennskap til drift av skule
- er samlande og likar å jobbe i team
- har positiv innstilling og er løysingsorientert
- har relasjonelt mot og er ein god kollega
Vi ønsker ein strukturert og tydeleg kollega, med gode evner til å kommunisere, som er løysingsorientert og som er genuint opptatt av å skape eit godt og samlande skule- og arbeidsmiljø.
Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, godt humør og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.
I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn fortløpande til intervju.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Avdelingsleiar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
24.11.2024
Tiltreding:
15.01.2025
Arbeidsstad:
Lunde barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Klasavegen 10 5208 Os