Bjørnafjorden kommune søkjar låsesmed/teknikar
100% fast stilling som låsesmed/fagarbeidar
Eigedom Drift har ledig 100% fast stilling som fagarbeidar/låsesmed frå januar 2025. Anna relevant fagutdanning kan også søkja.
Avdeling Eigedom Drift består av 2 avdelingar på Os og 1 på Fusa fordelt på driftsoperatørar, gartnarar, elektrikar, automatikar, røyrleggar, tømrar, golvlegg. Denne stillinga vil vera organisert under avd. Elektro og vil jobba i heile Bjørnafjorden Kommune. Oppmøtestad kan vera både i Fusa og Os, men for det meste er oppmøtet på Os sida.
Arbeidsoppgåver
Du vil få ein utfordrande og variert kvardag. Du vil t.d. arbeida med lås og elektroniske låssystemer, tilgangskontrollsystem, beslag og dørautomatikk, kameraovervaking, prosjektera og tilrå godkjende tryggingsløysingar for kommunen. Halde rutinar for faget oppdatert til ei kvar tid i kommunen sitt internkontrollsystem. Å utføra vanlege elektroarbeidar høyrer også med om det trengst. Andre arbeidsoppgåver kan og verta naudsynt å utføra når situasjonen krev det.
Kvalifikasjoner
- Elektrikar med gruppe L sertifikat er ein fordel
- Fagbrev som automatikar er ein fordel
- Anna utdanning kan også søkja om dei har interesse og erfaring med låsesmedyrket.
- Praksis innan elektro/automasjonsfaget.
- Fagskule er ein fordel, men ikkje naudsynt.
- Erfaring frå drift av tekniske anlegg er ein fordel, men ikkje naudsynt då opplæring vert gjeven.
- God tverrfagleg forståing.
- Ønskjeleg med erfaring med internkontroll og dokumentasjon er ein fordel.
- Gode datakunnskapar (kjennskap til Assa abloy sine system t.d Cliq Remote og ARX tilgangskontrollsystem, RCard er ein fordel)
- Du er nevenyttig, energisk, strukturert, fleksibel og sjølvstendig
- Det vil bli lagt særs stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande avtale
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Aktuelle kandidatar vil kalla inn til intervju fortløpande.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK- ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Samfunnsutvikling
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
25.11.2024
Tiltreding:
Januar 2025
Arbeidsstad:
Eigedom drift, avd. elektro
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Industrivegen 96 5210 Os