Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Vi har ledig helgestilling som kokk/matkyndig på Luranetunet

Helgestilling Kokk/matkyndig

Luranetunet har ledig helgestillling m/arbeid kvar 3. helg som kokk/matkyndig

Om stillinga:

Kjøkkenet på Luranetunet er gjerne ikkje jobben for alle, men den er passande for mange. Jobben er tidvis kompleks og stiller krav til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Av og til går det ikke heilt etter planen og da må plan B fort nyttast. Etterpå kjem du til å kjenna på kjensla av å ha gjennomført eit godt stykke arbeid.
Stillinga er i kjøkenet på Luranetunet og du vil arbeida lørdag og sundag kvar 3. helg. Kjøkenet opna våren 2022, men vi er framleis i ei utprøvingsfase i høve til matomsorga ved Luranetunet. Produksjonskjøkkenet ligg ved Fusa Bu- og behandlingssenter og kjøkenet på Luranetunet tek seg av siste produksjon og varmebehandling før servering.

Du vil være ein del av ei bemanning på to kokkar og to matkyndige.

Arbeidsoppgåver

  • Generell kjøkendrift
  • Vidareutvikle tilbodet innan matomsorg.
  • Klargjera frukost, lunsj, middag og kvelds til avdelingane

Kvalifikasjonar

  • Du har utdanning som kokk eller har matfagleg kompetanse/erfaring
  • Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Du har interesse for matlaging og evne til å jobbe i team.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Eigenskapar
Vi ønskjer deg som:

  • Er drivande oppteken av kvalitet og fagutvikling
  • Evner å jobba strukturert og systematisk
  • Er utprega løysningsorientert
  • Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
  • Er «serviceminded» og fleksibel

Om Luranetunet bu- og behandlingssenter

Luranetunet rommar 2 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar, samt ein serviceavdeling som inneheld reinhalds-, vaskeri-, og  teknisk avdeling.

Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter.

 Vi tilbyr

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver med fokus på å skape gode måltidsopplevingar for bebuarane våre.
  • Variert og spennande arbeidsplass med godt fagmiljø.
  • Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka
  • Kombinere helgestilling med å være tilkallingsvikar ved fravær
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit personalreglement som er tilpassa arbeidstakerar i ulike livsfaser
  • Løn etter gjeldande avtalar

 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar

Stillingstype:

Helgestilling

Søknadsfrist:

01.12.2024

Tiltreding:

Snarast/etter avtale

Arbeidsstad:

Luranetunet bu og behandlingssenter/Fusa bu- og behandlingssenter

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kart: