Vi søkjer kokk til kjøkenet vårt på Luranetunet
Kokk
Luranetunet har ledig ein fast 80% stilling som kokk!
Om stillinga:
Kjøkkenet på Luranetunet er gjerne ikkje jobben for alle, men den er passande for mange. Jobben er tidvis kompleks og stiller krav til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Av og til går det ikke heilt etter planen og da må plan B fort nyttast. Etterpå kjem du til å kjenna på kjensla av å ha gjennomført eit godt stykke arbeid.
Stillinga er i kjøkenet på Luranetunet og stillinga inneber arbeid på dagtid samt kvar tredje helg. Kjøkenet opna våren 2022, men vi er framleis i ei utprøvingsfase i høve til matomsorga ved Luranetunet. Produksjonskjøkkenet ligg ved Fusa Bu- og behandlingssenter og kjøkenet på Luranetunet tek seg av siste produksjon og varmebehandling før servering.
Du vil vera ein av to faste kokkar i stor stilling som driftar kjøkenet. Her har du høve til å delta i utvikling av framtidas tilbod!
Arbeidsoppgåver
- Generell kjøkendrift
- Vidareutvikle tilbodet innan matomsorg.
- Klargjera frukost, lunsj, middag og kvelds til avdelingane
- Vera ein ressursperson innan matfag ut mot avdelingane
- IK-Mat ansvar
Kvalifikasjonar
- Du har fagbrev som kokk/institusjonskokk
- Du har evne til å arbeide i team
- Du har god norsk munnleg og skriftleg framstilllingsevne
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Eigenskapar
Vi ønskjer deg som:
- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Er drivande oppteken av kvalitet og fagutvikling
- Evner å jobba strukturert og systematisk.
- Er utprega løysningsorientert.
- Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
- Er «serviceminded»
Om Luranetunet bu- og behandlingssenter
Luranetunet rommar 2 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar, samt ein serviceavdeling som inneheld reinhalds-, vaskeri-, og teknisk avdeling.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter.
Vi tilbyr
- Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og utvikling
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver med fokus på å skape gode måltidsopplevingar for bebuarane våre.
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Personalreglement som er tilpassa arbeidstakerar i ulike livsfaser
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Helg
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Stillingstype:
Deltid
Søknadsfrist:
01.12.2024
Tiltreding:
Snarast/etter avtale
Arbeidsstad:
Luranetunet bu og behandlingssenter/Fusa bu- og behandlingssenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Solstrandsvegen 39 5200 OS