Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Eining for psykisk helse og rustenester har ledig vikariat på helg

Ledig vikariat på 23,65% helgestilling

Arbeidsstad

Ambulerande miljøtenester er lokalisert Askviknes. Stillingane er knytt til oppfølging av bebuarar som leiger bustad i bygget, og som har tilbod om avlastning. Dette er ei diagnoseuavhengig avdeling som bistår personar som har varierte behov, på ulike måtar. Det er både sjølvstendig arbeid og arbeid i team saman med andre. Vi arbeider tverrfagleg, og er opptatt av godt samarbeid både mellom personalet, med tenestemottakarane våre og deira pårørande. Dei daglege arbeidsoppgåvene kan bestå i alt frå følgje til ulike aktivitetar, praktisk bistand i forbindelse med matlaging, husarbeid, gå tur, fiske, dra på kino, handle og liknande.

 

Arbeidsoppgåver

Du vil arbeida i tverrfagleg team og yte tenester etter vedtak i helse- og omsorgstenestelova. Du kan få ansvar for både individuell - og gruppebasert oppfølging, samt arbeida i 2:1- team. Avdelinga har ansvar for oppfølging av vaksne som på grunn av ulike utfordringar har behov for helsehjelp.

 

Arbeidstid

Helgestillingane har arbeid kvar 4. helg, med ordinære vakter fredag og langvakter laurdag og søndag. Vikariatet har ei varigheit på 6 månader, med moglegheit for forlenging.

 

Kvalifikasjonar

- Sjukepleiar eller vernepleiar

- Helsefagarbeidar eller annan relevant utdanning

- Vi oppfordrar også studentar til å søkje

- Det er ønskeleg med arbeidserfaring frå kommunalt psykisk helse- og rusarbeid

- Du likar utfordringar, tar initiativ til å arbeida for forbetringar og gode løysingar

- Du har evne til å arbeida målretta og ha god struktur

- Du har evne til å byggja gode relasjonar både overfor brukarar og kollegaer

- Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar

- Må ha førarkort klasse B

Som medarbeidar må du lika å arbeida sjølvstendig, men samstundes vera fleksibel, god på samarbeid i tverrfagleg team og villig til å påta deg ansvar. Vi har ei kommunal helseteneste med stor bredde i type oppgåver og det er til tider ein hektisk kvardag. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov. Du som søkjer desse stillingane må difor trivast med mange og varierte arbeidsoppgåver i ein travel kvardag.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

 

Vi tilbyr

- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

- Løn etter gjeldande avtalar

- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK- ID informasjon i søknadsprosessen.

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Deltid
Vikariat

Søknadsfrist:

23.11.2024

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Askviknes

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar ambulerande miljøtenester Marianne Baldersheim

mob: +47 948 19 627

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: