Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Miljørettleiar ved Os barneskule
Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har også som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Arbeidsstad
Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2024–2025 har vi ca. 206 elevar og 30 tilsette med ulike kompetansar. Satsingsområda våre tek utgangspunkt i ny læreplan (LK-20) og er knytte til grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning – i tillegg til jamt og trutt arbeid med å skape eit godt skule- og læringsmiljø – der elevane kjenner seg trygge, vert anerkjente og opplever meistring.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna.
Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no
Arbeidsoppgåver
Som miljørettleiar på Os barneskule skal du følgje opp elevar og elevgrupper med ulike utfordringar. Du skal samarbeide tett med lærarar og fagarbeidarar og bidra til å skape ein vi -kultur rundt arbeidet mot elevane og dei føresette. Denne stillinga er tenkt både i skule og SFO. Stillinga er 89% i storleik, det vil sei at det er 37,5 timars arbeidsveke og fri i skulen sine feriar.
Kvalifikasjonar
Godkjent utdanning frå høgskule eller universitet. Vi ser for oss ein person med vernepleiarutdanning eller liknande. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av KH dir: Godkjenning av utdanning fra utlandet | HK-dir. Det vil seie at du må kunne vise til «godkjenning av utenlandsk høyere utdanning»
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Som miljøarbeidar på Os barneskule må du like å skape gode relasjonar til elevane. Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein trygg og raus person i møte med elevar som har ulike utfordringar. Vi søkjer deg som er leiken, robust og har kunnskap om og erfaring med traumebevisst omsorg. Robuste fagarbeidarar med lang erfaring med traumebevisst omsorg kan og bli vurdert for stillinga.
Du må vere førebudd på ein hektisk arbeidskvardag med meiningsfylte arbeidsoppgåver.
I skulen er læringa viktig, og i møte med elevane skal vi motivere til læring, både i tradisjonelle og meir alternative opplæringsarenaer. Inkludering er viktig på Os barneskule, og alle barna skal tilhøyre fellesskapet.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge, vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Sosionom
Vernepleiar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
08.12.2024
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Os barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Giskavollen 20 5200 Os