
Lærling i IT-driftsfag
Er du over gjennomsnittet interessert i IT? Og er du kanskje allereie IT-hjelp på heimebane?
Hos oss får du jobba med mange spennande oppgåver innan brukerstøtte, systemforvaltning og infrastruktur. Underveis i lærlingperioden vil du få inngåande kunnskap i korleis IT-system i store organisasjoner heng saman og driftast.
Vi har ledig ein lærlingeplass frå hausten 2025.
Arbeidsstad
Bjørnafjorden kommune er i vekst, og har fleire tusen tilsette, og elevar fordelt på 80 lokasjonar spreidde utover eit stort geografisk område. IT-avdelinga har kontor både på Os og i Eikelandsosen.
Stillinga inngår i IT-avdelinga (om lag 9 årsverk medrekna lærlinger) som er kommunen sin driftsleverandør av IT-løysingar.
Arbeidsoppgåver
- Systemforvaltning, drift av serverar, klientmiljø, brukarstøtte, databasar og diverse infrastruktur.
- Du vil arbeida tett med heile organisasjonen for å levere gode IT-løysingar til tilsette og innbyggarar.
Kvalifikasjonar
- Du har fullført og bestått VG2 Informasjonsteknologi.
- Framandspråklege søkarar må dokumentera gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg.
Eigenskaper
- Du er interessert i menneske og teknikk
- Du kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du kan yte god service
- Du kan planlegge og grunngje val av arbeidsmetodar
- Du kan gjennomføre fagleg arbeid
- Du kan dokumentere og vurdere eige arbeid
- Vi legg vekt på dine personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Utfordringar og moglegheit for fagleg utvikling
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Fleksitid
- Godt arbeidsmiljø
- God oppfølging og fagleg rettleiing
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtale
- Eigne samlinger for lærlinger
Som tilsett i Bjørnafjorden kommune må du kunna identifisera deg med verdiane våre; Vi lyttar med respekt, vi finn smarte løysingar, vi gjer det vi seier og vi er inkluderande. Vi ønsker å ha mangfald på arbeidsplassane som gjenspeglar befolkninga og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
24/8491
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Stab og utvikling, HR, økonomi
Stillingsnivå:
Lærling
Stillingstype:
Lærling
Søknadsfrist:
01.05.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Rådhuset på Osøyro
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Torggata 7 5200 Os