Bjørnafjorden kommune Brann og redning

Ønskjer du å delta i vaktordning som brannkonstabel?

Deltidsmannskap - brannkonstabel

Har du eit ønskje om å bidra til å styrkje beredskapen og gjere ein forskjell i nærområde ditt og i Bjørnafjorden kommunen?
Vi har ledig 3% fast stilling som brannkonstabel i vaktordning, i tillegg treng vi tilkallingsvikarar ved Eikelandsosen brannstasjon som er en del av Bjørnafjorden brann og redning

Bjørnafjorden brann og redning består av tre brannstasjoner, Os brannstasjon, Eikelandsosen brannstasjon og industri brannvesenet på Framo på Venjaneset.
Vaktordninga er organisert med 4 vaktlag som har heimevakt kvar 4. veke mandag til mandag. Det vil sei at du må vere i beredskap heile døgnet den veka du har vakt. 
3% stillinga utgjer 58,5 øvingstimar pr år i tillegg til heimevakta. 
Du må ha bustad og jobbe maks 15 minutter frå Eikelandsosen brannstasjon.

Arbeidsstad
Brannstasjonen i Eikelandsosen
Adr: Eikelandsheiane 2

Arbeidsoppgåver

  • brannkonstabel ved brann, ulukke og andre redningsoppdrag
  • systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse
  • bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
  • bidra til at Bjørnafjorden brann og redning er synleg og tilstades for innbyggjarane på ein god måte

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fagbrev og/eller anna relevant arbeidserfaring
  • utvida politiattest og helseattest
  • god fysisk og psykisk helse
  • førarkort minimum klasse B
  • svømmedyktig

Det er ønskjeleg at du har:

  • gjennomført yrkesutdanning for brannkonstablar i henhold til gjeldande reglar
  • erfaring frå beredskapsarbeid
  • røykdykkarkompetanse/erfaring
  • førstehjelpskompetanse
  • instruktørerfaring
  • kode 160
  • avtent førstegongsteneste

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å vere fleksibel og løysingsorientert.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Mangfold
Bjørnafjorden Brann og Redning ønsker å gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Alle kvalifiserte kandidatar oppfordrast til å søke stilling uavhengig av kjønn, alder eller etnisk bakgrunn.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp
Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Sektor:

Samfunnsutvikling

Stillingsnivå:

Brannkonstabel

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

31.12.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Brannstasjonen Eikelandsosen

Adresse:

Mobergsbakken 111 5200 Os

Kart: