Førebyggande helsteteneste

Vil du vere med å gje born og unge i Bjørnafjorden kommune ein trygg oppvekst?

Jordmor

I oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet sine ressursar i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege med barn, unge og føresette i sentrum. For å få dette til er alle tenester til barn, unge og familiar organisert i Familiens hus. Einingane som inngår i Familiens hus er Førebyggande helse, Eining for barn, unge og familiar og Barneverntenesta.

Vi søker engasjert jordmor til 100% fast stilling i vårt jordmorteam

Arbeidsstad
Førebyggande helsetenester er delt i 3 avdelingar; avdeling jordmorteneste, avdeling helsestasjon og flyktninghelse og avdeling skule. 
Arbeidsstad vil vere Osøyro  og Eikelandsosen nærjordmorsenter.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvane er knytt til svangerskap- og barseloppfølging i Bjørnafjorden kommune.

Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har;
- godkjent utdanning som jordmor
- arbeidserfaring som jordmor frå kommunehelseteneste og/eller spesialisthelseteneste
- har førerkort klasse B 

Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir: Godkjenning av utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no)

Personlege egenskaper
Vi søker deg som: 
- har gode gjennomføringsevner og leverer resultat i samsvar med styringsdokument, mål, handlingsplanar og satsingar
- har høg arbeidskapasitet, er strukturert og organiserer arbeidet ditt på ein god måte
- er engasjert og har interesse for fagutvikling, samt tverrfaglig samarbeid
- har evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- trives i eit aktivit og travelt miljø, og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og lønn etter gjeldande avtalar.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Kontakperson:
Avdelingsleiar Jormortenesta; Gry Albriktsen, mob. 477 60 697
Einingsleiar Førebyggande helsetenester; Marita Måge, mob. 988 09 935

Del på:

Referansenummer:

24/6950

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Sjukepleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

29.09.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Førebyggande helsetenester

Kontaktpersonar:

Avd.leiar Gry Albriktsen

mob: +47 415 12 521

Einingsleiar Marita Måge

mob: +47 988 09 935

Adresse:

Torggata 7 5200 Os

Kart: