Vil du vere tilkallingsvikar skuleåret 2024/2025
Tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent
Er du engasjert, vaksen og tydeleg og ønskjer å vere med å forme den gode skulen i Bjørnafjorden?
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).
Bjørnafjorden kommune har fjorten barneskular og tre ungdomsskular.
Vi ber deg oppgi om du er interessert i å jobbe ved alle skulane i Bjørnafjorden kommune, eller eventuelt på kva side av fjorden du vil jobbe.
Registrer CV-en din og fortel litt om deg sjølv. Skulen tar kontakt med deg når dei har behov for vikar.
Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.
Arbeidsstad
Skulane i Bjørnafjorden kommune
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i grunnskulen
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne og ungdomsarbeidarfaget, eller anna relevant utdanning.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir: Godkjenning av utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no)
Er du ufaglært og har interesse for arbeid med barn og unge er du også velkomen til å søke, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som at:
- du har eit positivt menneskesyn
- du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- du er positiv og lærevillig
- du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i Storebrand:Offentlig tjenestepensjon - et verdifullt gode - Storebrand
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
24/6822
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Stillingstype:
Tilkallingsvikar
Søknadsfrist:
31.05.2025
Tiltreding:
Fortløpande
Arbeidsstad:
Skulane i Bjørnafjorden
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os