Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

Sjukepleiar - 100 % fast

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss! Vi har ledig 100 % fast stilling hos Heimetenester Os - avdeling 3 i ca. 1 år grunna foreldrepermisjon. Etter dette er stillinga tilknytt ressursbemanningsavdelinga. Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.

Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidarar. Vårt mål er at alle brukarane skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønsker ein fleksibel og løysningsorientert medarbeidar og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.

Arbeidsstad
Heimetenester Os (avdeling 3 og Ressursbemanningsavdelinga)

Arbeidsoppgåver

  • Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
  • Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
  • Dokumentera helsehjelp i Profil
  • Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
  • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
  • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Førarkort kl. B.
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)

Personlege igenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
  • Evne til å møte andre på ein respektfull måte, brukaren sin heim er vår arbeidsplass
  • Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
  • Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
  • Vi har øvingsrom med mogelegheit til å øve på prosedyrer

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/6820

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Sjukepleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

25.09.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Heimetenester Os

Kontaktpersonar:

Adresse:

Holen 1 5200 OS

Kart: