Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage

Fagarbeidar/assistent Lysekloster barnehage

Vi har ledig 70% stilling frå 01.10.24. 30% fast, 40% vikariat 01.10.24 – 31.07.25

Barnehagen har 5 avdelingar, der to avdelingar er for barn i alderen 1-3 år, tre avdelingar er for barn i alderen 3-6 år.
Viktige verdiar for oss er meistring, anerkjenning og tryggleik.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er livsmeistring, prosjektet «saman mot mobbing», trafikksikker barnehage og vanntilvenning.

Arbeidsstad
Lysekloster barnehage. Barnehagen ligg på Edne, like ved idrettsbana og Lysekloster skule, og i kanten av eit stort og rikt naturområde. 

Arbeidsoppgåver
- Fagarbeidaren/assistenten vil i lag med personalet på avdelinga ta del i det praktiske og pedagogiske arbeidet med barna
- Bidra i planlegging, og delta aktivt i diskusjonar på møte
- Bidra til godt samarbeid i personalet og med foreldra
- Utforska og undra seg i lag med barna
- Vera medansvarleg for å leggja til rette for barnas læring, utvikling og danning
- Bidra til eit godt språkleg miljø

Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Ønska kvalifikasjonar
- Eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid
- Glad i å vera ute
- Vera ein god språkmodell
- Inneha gode evner til kommunikasjon og refleksjon
- Kunne ta ansvar og initiativ, og vera fleksibel
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Aktive og varierte kvardagar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen. 

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.

Del på:

Referansenummer:

24/6772

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast
Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar

Stillingstype:

Fast
Vikariat

Søknadsfrist:

20.09.2024

Tiltreding:

01.10.2024

Arbeidsstad:

Lysekloster barnehage

Adresse:

Edne 19 5215 Lysekloster

Kart: