Bjørnafjorden kommune Jettegryto barnehage

Lyst å vera med å utvikle Jettegryto barnehage i Bjørnafjorden kommune?

Fagarbeidar Jettegryto barnehage

Vi har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar.

Vi søkjer deg som ønskjer å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga Jettegryto barnehage. I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.

Arbeidsstad
Jettegryto barnehage ligg sentralt til i Eikelandsosen. Barnehagen har 17 tilsette og 51 barn fordelt på 4 avdelingar. Barnehagen har kort veg til sjø, skog og fjell noko som innbyr til både leik og turar i nærmiljøet.

Arbeidsoppgåver
• Ta del i det praktiske og pedagogiske arbeidet i lag med personalet
• Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø
• Vere medansvarleg for å legge til rette for barna si læring, utvikling og danning
• Bidra til eit godt språkleg miljø og vere ein god rollemodell

Kvalifikasjonar
Ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har erfaring frå arbeid med barn 0-6 år
- er strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er ein god språkmodell, gjerne med kompetanse i ASK/teiknspråk
- har eit positivt menneskesyn
- tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
- har gode evner til refleksjon
- har god digital kompetanse
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/6769

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Fagarbeidar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

20.09.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Jettegryto barnehage

Adresse:

Brakabygda 49 5640 Eikelandsosen

Kart: