Bjørnafjorden kommune Jettegryto barnehage

Vikariat fagarbeidar/assistent Jettegryto barnehage

Vi har ledig 100 %  stilling, vikariat som fagarbeidar/ assistent frå 01.11.24-01.11.25

Vi søker deg som ønskjer å jobbe med barn som har enkeltvedtak, og vere ei styrking av grunnbemanninga til Jettegryto barnehage. Barnehagen treng at du er strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Barnehagen sine verdiar "Meistring, tryggleik og anerkjenning" er sentrale i alt arbeid med våre barn og er viktig for eit godt barnehage-heim samarbeid.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Arbeidsstad
Jettegryto barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i Eikelandsosen som innbyr til turar i skog, leik og undring. Jettegryto barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Barnehagen har 17 tilsette og 51 barn fordelt på 4 avdelingar. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og vi skal gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling.

Arbeidsoppgåver
- Oppfylging av enkeltbarn
- Planlegging og tilrettelegging av det daglege arbeidet for enkeltbarn
- Hjelp og støtte til enkeltbarn i det allmennpedagogiske tilbodet

Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller som helsefagarbeidar, men søkarar med anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert. 
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Det vil sei at du må kunne vise til:
- «godkjenning av utenlandsk fag-/svennebrev»
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest. 

Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har erfaring frå arbeid med barn 0-6 år
- kompetanse eller erfaring med ASK
- du er strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- eit positivt menneskesyn 
- tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
- har gode evner til refleksjon
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

 Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

 

Del på:

Referansenummer:

24/6768

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

20.09.2024

Tiltreding:

01.11.2024

Arbeidsstad:

Jettegryto barnehage

Adresse:

Brakabygda 49 5640 Eikelandsosen

Kart: