Bjørnafjorden kommune tilrettelagte tenester

Vikariat natt 75 % stilling i turnus

Tilrettelagte tenester, f.t Os avlastning, har ledig vikariat i 75%  stilling på natt. Tilrettelagte tenester sitt avlastningstilbodet er til familie med langvarige og krevjande omsorgsoppgåver. Avlastinga gjeld for born og unge med nedsett funksjonsevne og som treng avlastning i kommunen. Det er eit tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden (Os/Fusa) med Varafjell avlastningssenter, og Os- Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg gjev vi tenester i heim og på skule.

Arbeidsstad: Os avlastning - Stillinga er i hovudsak knytt opp mot arbeid i heim

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habilitet og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Du må rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.

Stillinga er i stor grad knytt opp mot barn med behov for tett oppfølging. Er du glad i utfordringar og varierte oppgåver, som blant anna kan innebera reiser, kan denne stillinga vera særleg spennande og interessant.

Kvalifikasjonar
• Du har autorisasjon som helsefagarbeidar men anna relatert fagleg utdanning er og ønskjeleg
• Du har erfaring frå arbeid med born/ungdom med nedsett funksjonsevne
• Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
• Kjennskap til alternativ supplerande kommunikasjon vil vera ein fordel.

Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt særleg vekt på di kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar

Eigenskapar
Du sit barna i fokus og har god omsorgsevne. Du er engasjert og villig til å by på deg sjølv. Du likar å jobbe sammen i team og ha ett godt samarbeid med kollegaer.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Utanlands utdanning må vere godkjend av Direkotratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

24/6732

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Helsefagarbeidar

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

23.09.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Os avlastning

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: