Bjørnafjorden kommune Jettegryto barnehage

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Pedagogisk leiar Jettegryto barnehage

Vi har ledig stilling som pedagogisk leiar i 100 % stilling, fast frå frå 01.12.2024.

Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Jettegryto barnehage. Barnehagen treng at du er strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobber målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.

Arbeidsstad
Jettegryto barnehage ligg sentralt til i Eikelandsosen. Barnehagen har 17 tilsette og 51 barn fordelt på 4 avdelingar. Barnehagen har kort veg til sjø, skog og fjell noko som innbyr til både leik og turar i nærmiljøet.

Arbeidsoppgåver
- Ansvar for eit godt pedagogisk tilbod til barna, og for å bidra til å legge til rette for barna si læring, utvikling og danning
- Medansvar for utviklinga av barnehagen som pedagogisk verksemd
- Arbeide i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, reglement og andre kommunale vedtak som har betydning for barnehagen si drift
- Sjå barnehagen i ein heilskap, ha omsorg for alle barn og aktivt ta del i utviklinga av barnehagen
- Foreldresamarbeid
- Tverrfagleg samarbeid med eksterne instansar som fagsenter, PPT og barnevern
- Bidra til å utforme og gjennomføre store og små planer for barnehagen

Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar. 
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Det vil sei at du må kunne vise til både:
- «godkjenning av utenlandsk høyere utdanning»
- «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage»
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.


Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har eit positivt menneskesyn og gode evner til samarbeid
- er ein god språkmodell, gjerne med kompetanse i ASK/teiknspråk
- er glad i å vera ute
- har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
- kan ta ansvar og initiativ
- er fleksibel og løysingsorientert
- har gode leiareigenskapar, er trygg og tydeleg
- har stor arbeidskapasitet
- er kreativ
- er engasjert
- har god digital kompetanse
- har evne og vilje til å skape gode relasjonar med barn, foreldre og kollegar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utviklingsmuligheter i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Del på:

Referansenummer:

24/6606

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Avdelingsleiar
Leiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

16.09.2024

Tiltreding:

01.12.2024

Arbeidsstad:

Jettegryto barnehage

Adresse:

Brakabygda 49 5640 Eikelandsosen

Kart: