Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Tilkallingsvikarar - Luranetunet bu- og behandlingssenter

Vi treng tilkallingsvikarar  både i serviceavdelingane (vaskeri, reinhald, kjøken) og i pleieavdelingane.
I pleieavdelingane har vi behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide både dag-, kveld- og nattevakter.

Som tilkallingsvikar og som ferievikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. 

Kvalifikasjonar

  • Som tilkallingsvikar i pleien ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning/erfaring eller er i eit helsefagleg utdanningsløp
  • Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja
  • Som tilkallingsvikar i serviceavdelinga er det ein fordel med utdanning/erfaring innan reinhald, vaskeri eller kjøkendrift, men ikkje eit krav
  • Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du og velkomen til å søkja.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Dine personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju.

Arbeidsstad
Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet Bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Dei to korttidsavdelingane er rehabiliteringsavdeling og behandlingsavdeling med til saman 40 plassar. Her kjem det inn pasientar inn både frå heimen og sjukehuset for behandling og rehabilitering. På langtidsavdelingane har vi 2 buavdelingar, og 5 avdelingar tilpassa personar med demens sjukdom. Bebuarane våre er i ulike fasar av sjukdomen sin. Nokre er i god fysisk form, medan andre er i livets sluttfase. Vi ønskjer å bli kjent med personen bak sjukdommen, og har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid. Saman med bebuaren, pårørande og andre helsetenester jobbar vi for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. 

Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. 
Hagen er ein god plass å vere for bebuararpårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter. 
Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss. 
Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi har eigne sjukeheimslegar i faste store stillingar. 
Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst. 

Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: 
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no) 

 

Vi kan tilby

  • Løn etter gjeldande avtalar, studentavløning for relevant utdanning
  • Ekstra tillegg for arbeid på natt
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/5485

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag
Helg
Kveld
Natt
Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Ergoterapeut
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

30.09.2024

Tiltreding:

Snarast/etter avtale

Arbeidsstad:

alle avdelingar

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kart: