Bjørnafjorden kommune Fagsenteret

Støtteressurs - Pedagog i Pedagogisk fagsenter Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig fast 100% stilling som støtteressurs - pedagog i Pedagogisk fagsenter.

Vil du vere med å gje barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst? Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Bjørnafjorden kommune.

Pedagogisk fagsenter er ein del av barnehageområdet i Bjørnafjorden kommune. I Pedagogisk fagsenter jobbar vi direkte med barn som har lovfesta rett til spesialpedagogisk hjelp. Arbeidet vil vera ute i tildelt barnehage i tett samarbeid med dei tilsette.

Arbeidsoppgåver:
• Utøve vedtaksfesta spesialpedagogisk hjelp i barnehage (§31 i barnehagelova)
• Rettleiing og samarbeid inn mot barnehage og føresette
• Jobbe førebyggande på «grøn sone»
• Utarbeide tiltaksplanar og årsrapportar i samarbeid med barnehagen.

Kvalifikasjonar:
• Barnehagelærarutdanning eller relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå . Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
• Ønskeleg med vidareutdanning i spesialpedagogikk eller anna relevant vidareutdanning.
• Ønskeleg med rettleiingskompetanse
• Ønskeleg med erfaring frå barnehage og spesialpedagogisk arbeid.
• Fordel med erfaring frå arbeid med språk, alternativ supplerande kommunikasjon og samansette lærevanskar
• Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar. Det administrative skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:
• Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og i team
• God relasjonell kompetanse
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Evne til å vere fleksibel, strukturert og løysingsfokusert
• Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi tilbyr:
• Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
• Faglege og personlege utfordringar
• Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter avtale

Du må kunne disponere eigen bil.

Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga dersom du vurderer å søke.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/3863

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

20.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Fagsenteret

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: