Bjørnafjorden kommune

Er du ergoterapeut som liker varierte arbeidsoppgåver og spennande utfordringar?

Ergoterapeut

Vi har ledig 100% fast stilling hos oss frå 1.august 2024. Stillinga er organisert i Avdeling helsefremming og rehabilitering, som består av fysio- og ergoterapitenesta, servicemenn, kartleggings- og kvardagsrehabiliteringsteam, totalt 25 tilsette. Dette er en fantastisk gjeng å jobbe saman med! 

Arbeidsstad
Stillinga du søker vil vere lokalisert på austsida av Bjørnafjorden kommune, med kontor på Fusa bu og behandlingssenter ilag med 2 fysioterapeutar og ein servicemann. Det er og eit samarbeid med ergo-/fysioterapitenesta på Os.

Arbeidsoppgåver
Du skal bidra til å fremme aktivitet, deltaking og meistring for våre brukarar, slik at dei kan meistre sin livssituasjon på best mogeleg måte. Aldersgruppa du vil jobbe med er ifrå 0-100 år, både born, vaksne og eldre. I stillinga vil du jobbe tett i lag med både heimesjukepleia i Fusa, ressursstilling innan demens og sjukeheimen, i tillegg til fysioterapeutane. Vi ynskjer oss ein kollega med eit stort engasjement for brukarane i Bjørnafjorden kommune, og som ønsker og vere med å drive faget framover. Vi ser for oss at du er fleksibel, kreativ og løysingsorientert og at du jobbar like godt sjølvstendig som i eit team.

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent ergoterapeut
  • Ønskeleg med erfaring som ergoterapeut i kommunehelsetenesta
  • Ønskeleg med erfaring med målgruppa
  • Digitale ferdigheiter
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har fokus på tverrfagleg samarbeid og tar initiativ 
  • Du har gode relasjonelle ferdigheiter i møte med born, vaksne og eldre
  • Du har god arbeidskapasitet, er fleksibel og har ønske om eigenutvikling innan faget
  • Du har evne til å strukturere og planlegge arbeidskvardagen
  • Personlege eigeskapar vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Spennande, utviklande og utfordrande oppgåver
  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

 

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Referansenummer:

24/3862

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Ergoterapeut

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

27.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Avdeling helsefremming og rehabilitering