Bjørnafjorden kommune Fagsenteret

Støtteressurs - fagarbeider i Pedagogisk fagsenter Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig fast 100% stilling som støtteressurs - fagarbeider i Pedagogisk fagsenter.

Vil du vere med å gje barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst? Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Bjørnafjorden kommune. Pedagogisk fagsenter er ein del av barnehageområdet i Bjørnafjorden kommune.

I Pedagogisk fagsenter skal vi utvida teamet vårt med ein støtteressurs – fagarbeider som skal jobbe direkte med barn med nedsett funksjonsevne som har lovfesta rett til tilrettelegging for å kunne nyttiggjera seg av barnehagetilbodet. Arbeidet vil vera ute i tildelt barnehage i tett samarbeid med dei tilsette.

Arbeidsoppgåver:

  • Utøve vedtaksfesta tilrettelegging i barnehage (§37 i barnehagelova)
  • Jobbe for at barnet blir gjeven mogelegheit til å delta i og vere ein del av barnehagen sitt fellesskap.
  • Sørge for at barnet sitt behov for hjelp og støtte vert ivaretatt slik at barnehagen vert ein arena for leik og utvikling.
  • Ivareta barnet sitt behov slik at det vert gjev mogelegheit for deltaking i barnehagen sitt kvardagsliv og aktivitetar saman med dei andre barna.
  • I samarbeid med pedagogisk leiar, delta i å utarbeide mål og tiltaksplan for barnet.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Ikkje faglært kan også bli vurdert. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
  •  Ønskeleg med erfaring frå barnehage og spesialpedagogisk arbeid.
  • Fordel med erfaring frå arbeid med språk og alternativ supplerande kommunikasjon.
  • Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar. Det administrative skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:

  • Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og i team
  • God relasjonell kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å vere fleksibel, strukturert og løysingsfokusert
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Faglege og personlege utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter avtale

Du må kunne disponere eigen bil

Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga dersom du vurderer å søke

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/3861

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Fagarbeidar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

20.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Fagsenteret

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: