Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Eining for psykisk helse og rustenester søkjer kvilande nattevakter ved Grantun bufellesskap.

3 x 35 % stilling som kvilande nattevakt

 

Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! 

 

Funksjon og ansvarsområde: 

Å arbeida som nattevakt i avdelinga krev at du er sjølvstendig og trygg. Arbeidstakar skal bidra til samarbeid, kulturbygging og godt arbeidsmiljø i avdelinga. Arbeidstakar skal setje seg inn i og følgje dei gjeldande retningslinjene for arbeidet. Vidare vil vi at arbeidstakar engasjerer seg i utforming og deltek for å utvikle miljøarbeidet rundt bebuarar, og tek ansvar for å vidareformidla når behov for endring vert oppdaga. 

 

Vaktlengde på natt er frå kl. 22:00 til 07:00, med kvilande tid frå kl. 00:00 – 06:00.  

Den kvilande tida vert avlønna i forholdet 1:3.  

Stillingane vil i hovudsak ha kvilande teneste, men en må pårekne vekking ved særskilde behov.  

 

Vi har ledig 3 x fast stilling som kvilande nattevakt hjå oss med arbeid kvar 3. helg:  

Stillingsprosent 66 % med 35 % avlønning - stillingane er ledig frå 24. Juni 2024 
 

Kvalifikasjonar:  
Utdanning og formell kompetanse: 

  • Relevant utdanning innan helse- og omsorg er ønskeleg 

  • Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid 

  • Personleg eignaheit vil vera avgjerande 

  • Sjølvstende 

  • Tydelegheit 

  • Evne til å samhandle godt med bebuarar med ulike behov 

  • Evne til å samhandle med kollegaer og tileigne seg nødvendig informasjon 

  • Følgje rutinar og retningslinjer for arbeidet 

 

Nattevakt ved psykisk helse og rustenester er ein dyktig medarbeidar som: 

  • Aktivt bidreg til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn 

  • Har gode gjennomføringsevner og følgjer rutinar og retningslinjer 

  • Er pårørande-, brukar-, og serviceorientert, med ei konstruktiv kommunikasjonsform 

  • Skaper gode relasjonar og har evne til samarbeid 

  • Bidreg til tryggleik for den enkelte bebuarar 

  • Viser respekt, omsorg og empati for menneska rundt deg 

  • Inspirerer andre og bidreg til arbeidsglede 

 

Vi tilbyr 
 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 

  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring 

  • Løn etter gjeldande avtalar 

  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen 

 

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no.  

 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. 

Vi tek kontakt med aktuelle søkjarar fortløpande.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

 

Del på:

Referansenummer:

24/3829

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Fagarbeidar
Helsefagarbeidar

Stillingstype:

Deltid

Søknadsfrist:

02.06.2024

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Grantun

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar Grantun Åse Kristin Uglehus

mob: +47 995 33 798

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: