Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester

Ledig fastlegeheimel i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden har vakker natur, gode moglegheiter for friluftsaktivitetar og eit rikt kulturliv. Vi har i dag 26 fastlegar fordelt på 6 legesenter.
Ved Moberg Legesenter er det ledig fastlegeheimel med listetak på 700 pasienter som næringsdrivande fastlege. Tiltreding 1.09.24. Listetak kan aukast etter avtale med kommunen.

Moberg legesenter blei etablert i 2016, og er ein veldriven og etablert legepraksis, for tida med 4 heimlar med stabil legedekning. I desse heimlane er 1 lege spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin og 3 ALIS næring. Vi har totalt 2600 pasientar på desse listene per dags dato. Kontoret er velutstyrt med lab, EKG, spirometri, 24 T BT-måling og V-scan. Vi har Infodoc sky journalsystem. Vi har per dags dato 2,7 årsverk fordelt på 3 helsesekretærar som alle er fagleg dyktige.

Moberg legesenter er per dags dato kommunalt drevet, men vil bli organisert som AS frå 1.9.24, der kvar heimelshavar har lik ansvarsdel. Heimelshavar inngår internavtale med dei andre deltakarane, og eventuelle oppgåver blir fordelt internt.

Bjørnafjorden kommune tilbyr:

  • Basistilskot - Kommunen betaler ut statleg og kommunalt basistilskot på til saman kr 1000,- per pasient. 
  • Moglegheit for reduserte pasientlister – 800–900 pasientar, om du ønsker det.
  • Dekking av praksisutgifter ved behov for vikar
  • 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for barn under 12 år – i inntil 10 dagar per år. For ALIS-legar også ved eigen sjukdom.
  • Fastlønn for legevakt

Gode vilkår for ALIS/LIS1

  • Rettleiing og individuell utdanningsplan tilsvarande krava i spesialistforskrifta.
  • ALIS-ordninga dekker praksiskompensasjon ved fråvær frå fastlegepraksis i samband med læringsaktivitetar og rettleiing, inkludert førebuing
  • 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for deg/barn under 12 år i inntil 10 dagar per år (fram til sjukeavbrotsforsikring gjeld).
  • Kommunen dekker utgiftene til læringsaktivitetar som ikkje blir dekte av Legeforeningen.
  • Eigen kommunal ALIS-/LIS1-koordinator.

Som næringsdrivande fastlege i kommunen har du god moglegheit til å utforme praksisen din slik du ønsker det.

Om Bjørnafjorden kommune:

  • 30 min til Bergen sentrum og 20 minutt til næraste flyplass (Flesland)
  • God barnehagedekking
  • Rikt kultur- og idrettsliv
  • Flott kulturhus
  • Svært gode friluftsmoglegheiter i området for den som er glad i friluftsliv!

Vi søker deg som:

  • Er utdanna lege​ med norsk autorisasjon​, og startet spesialisering i allmennmedisin
  • Du meistrar norsk munnleg (nivå B2), engelsk munnleg og kan skrive på norsk​
  • Har erfaring fra allmennpraksis fra før
  • Har erfaring med infodoc journalsystem
  • Personlig egnethet vil bli vektlagt

Oppstart 1.9.2024

Søknad med CV sendast til: moberglegesenter@gmail.com 

Kontaktpersonar Moberg legesenter:      
Fastlege Jonas Nordvik Dale telefon 99 48 63 67
Fastlege Ulrikke Lund Wågsæther telefon 41 63 55 69

Del på:

Referansenummer:

24/3827

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Lege

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

21.05.2024

Tiltreding:

01.09.2024

Arbeidsstad:

Moberg legesenter

Adresse:

Torggata 5209 OS

Kart: