Bjørnafjorden kommune Søre Øyane barneskule

Vil du vere med å gje barn og unge i Bjørnafjorden kommune gode oppvekstvilkår?

Ledige stillingar ved Søre Øyane barneskule

Vi har følgande ledige stillingar:

A: undervisningsstilling 50 % fast og 50 % vikariat i tida 01.08.24 - 31.07.25

B: engasjementstilling 89 % barne- og ungdomsarbeidar/assistent frå 13.08.24- 31.07.27

C: vikariat 89 % barne- og ungdomsarbeidar/assistent i tida 13.08.24 – 31.12.24, med moglegheit for forlenging i delar av stillinga

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk. Bjørnafjorden kommune med ca. 25 000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.

Arbeidsstad
Søre Øyane barneskule ligg idyllisk til på Sundøy, sørvest for Osøyro. Vi ligg i eit maritimt miljø, med gode mogelegheiter for aktivt bruk av naturen. Vi er 121 elevar fordelt på 1.-7. trinn, og 20 tilsette.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Som vaksne møter vi difor kvart barn med respekt og omsorg, og er gode rollemodellar for dei. På Søre Øyane barneskule søker vi heile tida å utvikle oss i eit engasjert profesjonsfellesskap.
I våre klasserom skal det vere rom for alle og blikk for den einskilde. Samhald og meistring er slagordet vårt, og gjennom det ønsker vi å legge til rette for kollektive læringsopplevingar for store og små.
Saman med FAU, lokalt idrettslag og barnehage jobbar vi i prosjektet "Saman
er vi best", med mål om å skape eit godt oppvekstmiljø for alle.

Arbeidsoppgåver
A:
Undervisning i fleire fag på ulike årssteg.

B: Tilsyn, rettleiing og pedagogisk arbeid i team rundt elev med spesielle behov. Stillinga er fordelt på 5 dagar i undervisningstid og SFO.

C: Arbeid med barn i undervisningstid og SFO. Stillinga er fordelt på 5 dagar i veka. Tilsyn, rettleiing og pedagogisk arbeid i team rundt enkeltelevar og klasse.
Vår nye medarbeidar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen og SFO.

Kvalifikasjonar
A: Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- «godkjenning av utenlandsk høyere utdanning»
- «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage»
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
 
B + C: Fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkjarar med erfaring frå skule vil også bli vurdert. God relasjonskompetanse og personlege eigenskapar er vel så viktig. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
 
Eigenskapar
A: Skulen ønskjer fortrinnsvis lærarar med undervisningskompetanse for 1.-7. trinn. Vi treng lærarar med kompetanse og erfaring frå heile barneskulen og alle fag. Det er særleg ønskeleg at ein har gode digitale ferdigheiter.Skulen oppmodar også lærarstudentar til å søkje. Ein må vere engasjert i skuleutvikling, vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner. Vi ønsker oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, positive haldningar og godt humør. Som vår nye kollega må du kunne bidra til å oppretthalde eit helsefremmande arbeidsmiljø og kunne legge til rette for eit godt samarbeid med dei føresette.Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og kva skulen treng.
Aktuelle
søkarar vert kalla inn til intervju

B: Det bli lagt vekt på personlege eigenskapar, og eleven og skulen sitt behov. Vi ønsker oss medarbeidarar som er glad i å jobbe med barn, og som er strukturerte og tydelege, med gode evner til å kommunisere. Stabilitet og evna til å tenke heilskapleg er særs viktige eigenskapar. Grensesetting og livserfaring er naudsynte kvalitetar for å møte eleven på ein god måte. Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss. Vi ønsker oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, positive haldningar og godt humør. Som vår nye kollega må du kunne bidra til å oppretthalde eit helsefremmande arbeidsmiljø og kunne legge til rette for eit godt samarbeid med dei føresette.Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og kva skulen treng.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

C: Vi ønsker ein strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss. Vi ønsker oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, positive haldningar og godt humør.
Som vår nye kollega må du kunne bidra til å oppretthalde eit helsefremmande
arbeidsmiljø og kunne legge til rette for eit godt samarbeid med dei føresette.
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
 
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
 
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
 
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/3516

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement
Fast
Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar
Lærar
Undervisning

Stillingstype:

Deltid
Engasjement
Fast
Vikariat

Søknadsfrist:

12.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Søre Øyane barneskule

Adresse:

Røtingavegen 45 5216 Lespøy

Kart: