Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester

Vil du vere med og bygge morgondagens legetenester?

Einingsleiar

Bjørnafjorden kommune har omlag 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov, og som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet. 

Bjørnafjorden kommune skal ha ei av dei mest framtidsretta legetenestene i Noreg. Vi skal gjere det samfunnet så langt ikkje har klart. Vi skal gje våre legar- anten dei er kommunalt tilsette eller næringsdrivande, føreseielege arbeidsdagar og gode arbeidsvilkår mellom anna med kortare listelengde ønskjeleg. Vi skal legge til rette for fagleg utvikling på tvers av legekontora, og vi skal vere gode på å gje legar under utdanning og nyutdanna leger, ein god start på arbeidslivet. På bakgrunn av dette har vi oppretta Bjørnafjorden-modellen. For meir informasjon om modellen, sjå vår heimeside: Bjørnafjordenmodellen - fint å vere fastlege - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)

Vi søkjer deg som er god på leiing, relasjonar, nytenking og systemarbeid til stillinga som einingsleiar for legetenester.

Bjørnafjorden kommune har interkommunal legevakt med to vaktstasjonar, to kommunale fastlegekontorer, fire sjølvstendig næringsdrivande fastlegekontor og sjukeheimslegar til begge institusjonane. Einingsleiar er administrativ leiar for desse tenestene.

Arbeidsoppgåver 

  • Leiing og administrering av legetenestene i kommunen
  • Økonomistyring og personaloppfølging
  • Utvikle eininga si leiargruppe og samla leiing av legetenestene
  • Deltaking i kommunalsjefen si leiargruppe for heilskapeleg og samordna utvikling av kommunale tenester
  • Deltaking i interne og interkommunale fora og nettverk
  • Sakshandsaming og delta i politiske møter
  • Vidareutvikle kvalitets- og styringssystemer 

Vi søkjer deg som

  • Har leiarerfaring
  • Har relevant utdanning (eksempelvis helseutdanning, økonom, jurist) og god innsikt om fastlegeordning og helsetenester. Økonomisk-administrativ utdanning /tilleggsutdanning er ønskeleg
  • Har god innsikt, eller erfaring frå kommunal forvaltning 
  • Har evne til å sjå nye løysingar, særleg «der alt anna er prøvd» 
  • Er god på mellommenneskeleg kommunikasjon 
  • Er systematisk, ryddig og strukturert
  • Likar utfordringar

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn og øvrige betingelser etter avtale
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Spanande utfordringar i i skapinga av morgondagen legetenester
  • Eit pulserande miljø som leiar i helse- og velferdssektoren

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/3515

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Leiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

13.05.2024

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Legevakt og legetenester

Adresse:

Torggata 5209 OS

Kart: