Bjørnafjorden kommune Helse og velferd

Brenn du for både menneske og teknologi? Her har du ein unik sjanse!

Leiar for faggruppe e-helse

Vi har ledig 100 % stilling som leiar for fagruppe e-helse, og vi søkjer deg som ser kva teknologi kan gjere for å utvikle helse- og velferdstenestene våre. 

Saman med eit svært dyktig team skal du bidra til å utforme morgondagens tenester til det beste for innbyggarane. Du og teamet skal, saman med eksterne samarbeidspartnarar, ha kontroll med produkt og løysingar i bruk, sjå utviklingsmoglegheiter, utforme digitale strategiar og legge konkrete handlingsplanar for gjennomføring av desse strategiane. Du vil jobbe på tvers av einingane i sektoren Helse og velferd og stabstenestene i kommunen, og ha det administrative og overordna faglege ansvaret for digitalisering og tenesteutvikling innan e-helse

Arbeidsstad
Fagstab, Rådhuset Os

Dine hovudppgåver

  • Administrativt ansvar for faggruppa e-helse  
  • Finne gode løysingar, implementere og syte for at satsingar og prosjekt kjem i mål og gir resultat 
  • Vere pådrivar for tenesteutvikling gjennom helseteknologi, og passe på at vi tenker heilskapleg i alle satsingar og prosjekt  
  • Porteføljestyring av e-helse og velferdsteknologi, inkludert det kommunale hjelpemiddellageret 
  • Rådgiving og systemansvar for kommunen sin digitale strategi  
  • Syte for at prosjekt har planar for gevinstrealisering og støtte einingsleiarane i arbeidet med å hente ut gevinstane  
  • Innkjøp og oppfølging av leverandøravtalar 

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning, helst på masternivå  
  • Relevant erfaring frå leiing av større kommunale prosjekt innan digitalisering og/eller tenesteutvikling  
  • Relevant erfaring frå leiing på både strategisk nivå og i dagleg drift  
  • Kompetanse og erfaring innan teknologi 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sjå samanhengar og løysingar på tvers av tradisjonelle skiljelinjer i ein organisasjon 
  • Evne til – og ønske om - å leie, skape tillit og samarbeide i eit tverrfagleg prestasjonsteam  
  • Gode strategiske og analytiske ferdigheiter, kombinert med evne til å omsetje strategi til praksis 
  • Evne til å setje deg inn i store og komplekse problemstillingar  
  • Forståing for rammevilkåra i ei kommunal verksemd, og for leiarrolla i eit politisk/administrativt system 

 Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Prosjektleiar.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/3385

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Leiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

06.05.2024

Tiltreding:

01.07.2024 / etter avtale

Arbeidsstad:

Fagstab Helse og Velferd

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: