Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Helsefagarbeidar i bufellesskap

Ved Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Hellemyra Bufellesskap, er det frå snarast ledig 100% fast stilling i turnus m/arbeid kvar 4. helg. 

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter.
Hellemyra Bufellesskap, som ligg i Eikelandsosen, er eit bufellesskap med 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov, i hovudsak personar over 18 år. I tillegg har bufellsskapet ansvaret for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Stillinga i turnus er for tida i kombinasjon av dagvakt, langvakt ( kveld/natt) i vekedagar og med langvakter på helg (kombinasjon kveld/natt)

Kvalifikasjonar
Du har autorisasjon som helsefagarbeidar men søkjarar som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, søkjarar er under helsefagleg utdanning, eller har relevant erfaring og kompetanse, er og ønskjeleg. Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og kjennskap til brukargruppa er ein fordel.

- skaper gode relasjonar, tillit og tryggleik
- ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø.
- ønskjer utfordringar
- er oppteken av å ivareta borna som om dei er dine eigne
- er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner.
- lyttar med respekt.

Vi tilbyr 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

24/3383

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Helsefagarbeidar

Stillingstype:

Heiltid

Søknadsfrist:

13.05.2024

Tiltreding:

snarast/etter avtale

Arbeidsstad:

Hellemyra bufellesskap

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: