Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

Sjukepleiar

Vi har ledig stilling som sjukepleiar i 77 % vikariat. I tillegg har vi eit vikariat på 100 % stilling med mogelegheit for fast tilsetting hos Heimetenester Os.
Har du eit hjarte for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass, og faglege utfordringar? Då kan du vere den rette for oss! 

Arbeidsstad
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidere.Vårt mål er at alle brukere skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. 
Vi ønsker ein fleksibel og løysningsorientert medarbeider og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
  • Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
  • Dokumentera helsehjelp i Profil
  • Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
  • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
  • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert

Stillinga er i turnus med arbeid på helg, etter gjeldande turnusavtale.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
  • Førarkort kl. B
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå)

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
  • Evne til å møte andre på ein respektfull måte - brukaren sin heim er vår arbeidsplass
  • Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
  • Kan jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/3033

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Sjukepleiar

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Heimetenester Os

Kontaktpersonar:

Adresse:

Holen 1 5200 OS

Kart: