Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule

Har du lyst til å vere med å leie skulen vår?

Avdelingsleiar ved Borgafjellet barneskule

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.  
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne  smarte løysingar, inkludere og - ikkje minst - gjere det vi seier

Ved Borgafjellet barneskule er det ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar, med 70% leiarressurs frå 01.08.24. 

Vi søker deg som vil vere med å bidra til godt læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. 

Fagleg og sosial utvikling heng saman. Dette ligg til grunn for utviklingsarbeidet vårt gjennom arbeidet med fagfornyinga, LK-20. 

Arbeidsstad:
Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen. Skuleåret 2023/2024 har vi 265 elevar og om lag 30 tilsette. Skulen er ein to parallell skule. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lager vi gode rammer rundt barna. 

Arbeidsoppgåver:
- Pedagogisk leiing og personalansvar. 
- Følge opp læringsarbeidet og elevane si faglege utvikling 
- Legge til rette for pedagogisk utviklingsarbeid, og delta i eit lærande fellesskap 
- Dialog med føresette 
- Samarbeide med PPT og delta i skulen sitt tverrfaglege samarbeid 
- Vere del av skulen og kommunen sine leiarteam 

Kvalifikasjonar:
Godkjent relevant utdanning frå høgskule eller universitet og kompetanse for ungdomstrinnet.  
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både: 
- «godkjenning av utanlandsk høgare utdanning»  
­- «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage» 
Det er ønskeleg med leiarkompetanse som er relevant for stillinga 
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. 

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. 

Eigenskapar 
Du må vere ein relasjonsbyggar og ein trygg leiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi vektlegg gode samarbeidsevner og ønsker tilsette med god fagleg kompetanse.
Du må vere løysingsorientert, fleksibel og kunne delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid. Du må ha god digital kompetanse.
 

Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov.  
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. 

Vi tilbyr 
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring 
- Løn etter gjeldande avtalar 

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen 

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. 

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Kontaktperson 
Gunnhild Astrup Hansen, rektor, mobil: 415 16 433, han@bjornafjorden.kommune.no 

 

 

Del på:

Referansenummer:

24/2918

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Avdelingsleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Borgafjellet barneskule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hegglandsdalsvegen 99 5200 Os

Kart: