Bjørnafjorden kommune

Ferievikar

Eining for psykisk helse og rustenester søkjer ferievikarar for sommaren 2024.

Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! 

Vi nyttar ein Recovery orientert tilnærming som handlar om å skape eit meiningsfullt og tilfredsstillande liv, slik personen sjølv definerer det, med eller utan symptom og problem som kan komme og gå. Som ferievikar må du lika å arbeida sjølvstendig, men samstundes vera fleksibel, god på samarbeid i tverrfagleg team og villig til å ta ansvar. Vi har ei kommunal helseteneste med stor bredde i type oppgåver og det er til tider ein hektisk kvardag. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov. Du som søkjer desse stillingane må difor trivast med mange og varierte arbeidsoppgåver i ein travel kvardag. Bjørnafjorden kommune dekkjer eit stort geografisk område som omfattar oppfølging av pasientar i tidlegare Os og Fusa kommune.

Psykisk helse og rustenester består av avdelingane bufellesskap psykisk helse, Vartun oppfølgingsteneste, ambulerande helseteneste og avd. psykisk helse. Vi har felles utlysing for dei ulike avdelingane og ber om at søkjar skriv i prioritert rekkefølgje kor ein ønskjer å jobbe.
Vi treng ferievikarar både på dag, kveld, helg og våken/kvilande natt, og vurderer søkjarar fortløpande.
  

1. Vartun Oppfølgingstjeneste
Vi tilbyr bustad og tenester til menneskjer med rusavhengighet og utfordring med psykisk helse.Eit av hovudmåla for Vartun er å fremja livskvalitet for tenestemottakarane våre. Vartun samarbeider med andre aktuelle tenester kring rehabilitering. Vi ønsker å legge til rette for at den enkelte brukar skal kunne ha moglegheit til endring og utvikling. Dette gjer vi gjennom tryggleik, miljøterapeutiske tiltak og ulike aktivitetar. Vartun har ansvar for å hjelpe leigetakarar som bur på Vartun, samt heimebuande i kommunen som har behov for hjelp der dei er. Vi tilbyr brukarar ein aktiv kvardag gjennom friluftsaktivitetar, fotball, lågterskel arbeid etc.  Vartun har også ansvar for LAR- legemiddelassistert rehabilitering og lågterskeltenestene Livskvalitet (aktivitet/arbeid).   

Stillinga har arbeid på dag/kveld/helg eller våken natt.

2. Avdeling bufellesskap psykisk helse, Grantun & Stegen
Bjørnafjorden kommune har to bufellesskap for personar over 18 år med alvorleg psykisk liding: Stegen og Grantun, og ein krisehybel. Bufellesskapa ligg sentralt i Os, nær butikk og kollektivtransport. Vi tilbyr individuell oppfølging i samband med daglege gjeremål og aktivitetar, samt tilbod om og støtte ved deltaking i fellesskap. Bufellesskapa har både faste og spontane aktivitetar gjennom veka, tilpassa ønskje og behov, vêr, årstider og høgtider. Individuelle aktivitetar kan vere husarbeid, handling, samtalar, turar, spel, følge til timeavtalar og liknande. Fellesaktivitetar er til dømes måltider, trening i gymsal, turar i nærområdet, førebuing og markering av høgtider. Ei tverrfagleg personalgruppe arbeider for og saman med bebuarane for å gi best mogleg tilbod og oppfølging.  Visjonen vår er å skape eit miljø som er trygt, føreseieleg, trivselskapande og som gir rom for eigenutvikling. Den enkelte leigetakar skal få høve til sjølvstende i eige husvære og til fellesskap med andre. 

Stillinga har arbeid på dag/kveld/helg eller våken natt.  

3. Ambulerande mijløteneste
Ambulerande miljøtenester har base på Askviknes. Det er ei todelt avdeling der delar av personalgruppa har som oppgåve å følgje opp bebuarar som leiger bustad i bygget, medan nokon følgjer opp heimebuande i kommunen. Dette er ei diagnoseuavhengig avdeling som bistår personar som har varierte behov på ulike måtar. Det er både sjølvstendig arbeid og arbeid i team saman med andre. Me arbeider tverrfagleg, og er opptatt av godt samarbeid både mellom personalet, med tenestemottakarane våre og deira pårørande. Arbeidsoppgåvene kan bestå i alt frå følgje til ulike aktivitetar, praktisk bistand i forbindelse med matlaging, husarbeid, gåtur, fiske, dra på kino, handle og liknande. 
 
Stillinga har arbeid på dag/kveld/helg eller våken natt. 

Arbeidsoppgåver 

  • Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. 

  • Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.  

  • Målretta miljøterapi og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. 

  • Bidra til at brukarane får nødvendig hjelp og gode tenester etter avtalar, lov og forskrift. 

Kvalifikasjonar 

  • Helsefagleg høgskuleutdanning som sjukepleiar eller vernepleiar 

  • Helsefagarbeidar, eller annan relevant utdanning 

  • Vidareutdanning i psykisk helse- og / eller rusarbeid er ønskeleg 

  • Ønskeleg med arbeidserfaring frå kommunalt psykisk helse- og rusarbeid, men vidareutdanning i psykisk helse- og rusarbeid kan kompensere for manglande erfaring. 

  • Likar utfordringar, tar initiativ til å arbeida for forbetringar og gode løysingar 

  • Evne til å arbeida målretta og ha god struktur 

  • Evne til å byggja gode relasjonar både overfor brukarar og kollegaer 

  • Erfaring frå psykisk helsearbeid innan kommunehelsetenesta vil bli lagt vekt på  

  • Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar 

  • Må ha førarkort klasse B og det er ønskeleg at du kan disponere bil 

Som ferievikar forutsett vi at du kan arbeide i vekene 26-27-28-29-30-31-32.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

24/2917

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag
Helg
Kveld
Natt
Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Helsefagarbeidar
Helsesjukepleiar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Ferievikar

Søknadsfrist:

30.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Psykisk helse- og rustenester

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: