Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

Tilkallingsvikarar Heimetenester Os avd. Heimehjelp

Har du eit hjarta for å arbeide med mennesker, og å ha ein god arbeidsplass og spennande utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!

Heimehjelp har kun arbeidstid på dag, og ikkje kveld/helg/natt. Vi treng derfor en med på laget som kan jobbe på dagtid.

Arbeidsstad
Heimetenesta Os. Arbeidsstad heime hos brukere som treng hjelp til reinhald og praktisk bistand etter vedtak frå kommunen.

Arbeidsoppgåver
Praktisk bistand  - lettere husarbeid til dømes golvvask, støvsuging, bytte/vask av sengetøy, henge opp klær, rydding i heim med hovudvekt på kjøkken/bad, og liknande. 
Arbeidstid vil vere på dagtid. 

Kvalifikasjonar

  • Assistent, reinhaldar eller andre med relevant bakgrunn
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
  • Bestått Norsk-kurs nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
  • Førarkort kl. B - må kunne disponere eigen bil-etter kjøyregodtgjerdsle.

 Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar.
  • Du kan bidra aktivt til eit godt og humørfylt arbeidsmiljø.
  • Du er nytenkande, løysningsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig, eller saman med andre i team.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar 
  • Jobbe saman med flotte kollegaer
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/2564

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Reinhaldsoperatør

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

12.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Alle avdelingar

Kontaktpersonar:

Adresse:

Holen 1 5200 OS

Kart: